Yoshi's Island
Super Mario World 2: Yoshi's Island (スーパーマリオ ヨッシーアイランド ) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Super Nintendo Entertainment System. Det vart gjeve ut i Japan august 1995 og i Nord-Amerika og Europa oktober same året. Spelet skil seg ut frå tidlegare spel i Super Mario-serien i og med at ein berre styrer Yoshi, som fraktar ei spedbarnsutgåve av Mario gjennom varierande omgjevnader.
Super Mario World 2: Yoshi's Island | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Takashi Tezuka, Toshihiko Nakago, Shigefumi Hino, Hideki Konno |
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto |
Design(ar) | Takashi Tezuka (direktør) Kōji Kondō (komponist) |
Komponist(ar) | Koji Kondo |
Serie | Mario |
Plattform(er) | SNES, GBA |
Utgjeving | JP: 5. august 1995 NA: 4. oktober 1995 EU: 6. oktober 1995 Game Boy Advance: JP: 20. september 2002 NA: 24. september 2002 EU: 11. oktober 2002 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar |
Aldersgrense | PEGI: 3+ |
Yoshi's Island har blitt omlaga og gjeve ut på nytt på Game Boy Advance under namnet Yoshi's Island: Super Mario Advance 3. Oppfølgjaren til spelet, Yoshi's Island DS, kom på Nintendo DS i 2006.