Yrkesrettleiing er ei verksemd som mellom anna gjennom informasjon og rådgjeving orienterer og assisterer i spørsmål som knyt seg til utdannings- og yrkesval. Grunnskulen er pålagt eit ansvar for å hjelpe ungdom til innsikt i arbeids- og næringsliv, produksjon og verdiskaping. Det er ofte skulerådgjevaren som koordinerer satsingane til skulen innanfor dette arbeidsfeltet. Vidaregåande skular har ei karriererettleiingsteneste som gjev informasjon om offentlege og private utdannings- og yrkesmogelegheiter, kva krav ein stiller til forskjellige utdanningar og yrke, søknadsfristar og så bortetter.

Fylkeskommunane, Kommunenes Sentralforbund og Utdanningsdirektoratet har saman ei informasjonsteneste for søkarar til vidaregåande oppløring på nettstaden vilbli.no. Her kan unge og vaksne søkarar til vidaregåande opplæring finne oppdatert informasjon til ei kvar tid. I NAV skjer rettleiing gjennom personleg samtale, grupperettleiing eller ved bruk av rettleiingsverktøya til NAV på Internett.

Kjelder

endre

«yrkesveiledning» i Store norske leksikon, snl.no.