Ytre Sundan
Ytre Sundan er ein fjordarm av Beiarkjeften, som igjen er ein fjordarm av Saltfjorden, eller eit sund i Bodø kommune i Nordland. Sundet ligg på sørsida av Straumøya og strekkjer seg 6,5 km nordaustover til Indre Sundan.
Fjorden har innløp mellom Skånlandsholmen i vest og Fleinvær i sør. Der Ytre Sundan går over i Indre Sundan ligg Steinsøya og her går Fjellvika søraustover. Frå Fjellvika går Elvefjorden austover.