Amur
Amur (russisk Амур) eller Heilong Jiang (kinesisk 黑龙江) er den niande lengste elva på jorda og dannar delar av grensa mellom Russland og Kina.
Amur | |||
elv | |||
Khabarovskbrua over Amur
| |||
Land | ![]() ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 855 000 km² | ||
Lengd | 4 444 km | ||
Kjelde | Fjella nordaust i Kina | ||
Munning | Stillehavet gjennom Tartarsundet | ||
![]() Amur | |||
Wikimedia Commons: Amur River | |||
HistorieEndra
Historisk har elva òg vore grense mellom dei to geopolitiske einingane Ytre Mandsjuria (Russisk Mandsjuria) og Indre Mandsjuria. Den kinesiske provinsen Heilongjiang på sørsida av elva er kalla opp etter ho, og det same er det russiske Amur oblast på nordsida. Namnet Svartelva vart nytta av mandsjuar og Qing-dynastiet som begge rekna elva som heilag.
Amur er eit viktig symbol på, og ein viktig geopolitisk faktor i, kinesisk-russiske forhold. Amur var særleg viktig då Kina og Sovjetunionen vart politisk delt i 1960-åra.
Dei første åra på 1900-talet segla dampskip opp Amur. Muddermaskinar frå Amerika vart importert for å vaske gull i elva. Elvetrafikken vart råka av den russiske revolusjonen.
Økonomien i området som Amur renn gjennom er basert på produksjon, metallurgi, gruvedrift etter jern og andre metall, gull og kol, vasskraft, kveite, hirse, soyabønner, fiske, tømmer og handel mellom Kina og Russland. Oljefeltet Daqing, det fjerde største i verda, ligg ved byen Daqing i Heilongjiang, eit par hundre kilometer frå elva.
ElveleietEndra
Elva renn 4444 km gjennom nordaustlege område av Asia frå fjella nordaust i Kina til Okhotskhavet (nær Nikolajevsk-na-Amure). Nedslagsfeltet hennar er særs variert og inneheld landskap som ørken, steppe, tundra og taiga. Gjennom Tartarsundet renn vatnet frå elva ut i Stillehavet. Munningen til elva ligg like innanfor nordenden av øya Sakhalin.
Amur har alltid vore nært knytt til Sakhalin og dei fleste namna for øya, sjølv i språka til dei innfødde folkegruppene i området, kjem frå namnet på elva. Sakhalin kjem frå ordet sahaliyan i ein dialekt av tungusisk og tyder «svart», medan ainu-namnet Karaputo og det japanske namnet Karafuto kjem frå ainunamnet på Amur eller munningen hennar.
Middelvassføringa til elva varierer frå 6000 m³/s (1980) - 12 000 m³/s (1957) og er i snitt 9819 m³/s eller 310 km³ per år. Den største målte vassføringa vart målt i oktober 1951 då elva førte 30 700 m³/s vatn. Det minste som er målt er berre 514 m³/s frå mars 1941.[1]
SideelvarEndra
Sjølve Amur er 2874 km lang etter at dei to kjeldeelvane hennar har rend saman:
- Frå nord kjem Sjilka som har utspring på austsida av Khentijfjella i Mongolia.
- Frå sør kjem Argun som har utspring på vestsida av Store Khingan (大興安嶺) nordaust i Kina.
Av store sideelvar finn ein:
Amur grensar til Heilongjiang i Kina i sør og til Amur oblast, Den jødiske autonome oblasten og Khabarovsk kraj i Russland i nord. Det siste strekket av Amur renn gjennom Khabarovsk kraj. Elva renn gjennom følgjande byar:
- Huma (Kina, sørsida)
- Blagovesjtsjensk (Russland, sørsida)
- Heihe (Kina, sørsida)
- Jiayin (Kina, sørsida)
- Tongjiang (Kina, sørsida)
- Fuyuan (Kina, sørsida)
- Khabarovsk (Russland, sørsida)
- Komsomolsk-na-Amure (Russland, nordsida)
- Nikolajevsk-na-Amure (Russland, nordsida)
TransportEndra
Valeryj Solomonvitsj Gurevitsj, nestleiar i Den jødiske autonome oblasten har opplyst at Kina og Russland har starta bygginga av Amurbrua i slutten av 2007. Brua vil gå mellom Nizjneleninskoje i Den jødiske autonome oblasten og Tongjiang i Heilongjiang. Den 2197 meter lange brua er rekna å stå ferdig i 2010.[2]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Amur River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Amur at Komsomolsk». UNESCO. Henta 7. oktober 2008.
- ↑ «China-Russland Trade to Top US$40b». China Daily. 18. juni 2008. Henta 7. oktober 2008.
BakgrunnsstoffEndra
- Informasjon om og kart over Amur Arkivert 2005-04-08 ved Wayback Machine.