Zolotonosja
Zolotonosja (ukrainsk Золотоноша) er ein by i Tsjerkasy oblast (provins) sentralt i Ukraina. Byen er det administrative senteret i Zolotonosja rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet.
Zolotonosja | |||
Золотоноша | |||
by | |||
Svjato-Uspenskyj-katedralen i Zolotonosja.
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Tsjerkasy oblast | ||
Rajon | Zolotonosja rajon | ||
Koordinatar | 49°40′N 32°2′E / 49.667°N 32.033°E | ||
Areal | 21,65 km² | ||
Folketal | 28 464 (2011) | ||
Folketettleik | 1 315 / km² | ||
Først nemnd | 1576 | ||
• Magdeburgrettar | 1635 | ||
Borgarmeister | Oleksij Korpan | ||
Postnummer | 19700-19705 | ||
Retningsnummer | +380 4737 | ||
Zolotonosja 49°40′00″N 32°02′00″E / 49.666666666667°N 32.033333333333°E | |||
Kart som viser Zolotonosja.
| |||
Wikimedia Commons: Zolotonosha | |||
Nettstad: http://zolotonosha.osp-ua.info/ |
Zolotonosja ligg ved elva Zolotonosjka, ei sideelv til Dnepr, 30 km frå Tsjerkasy. Byen ligg langs jernbanelinja Bakhmatsj-Odessa og langs vegane Kiev-Krementsjuk og Tsjerkasy-Sjramivka.
Historie
endreZolotonosja vart først nemnd i skriftlege kjelder kring 1576. I 1635 fekk Zolotonosja Magdeburgrettar. Etter den ukrainske sjølvstendekrigen vart Zolotonosja ein del av Ukrainske SSR, ein republikk i Sovjetunionen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zolotonosha» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.