Astrid Gjertsen

norsk politikar

Astrid Gjertsen (fødd 14. september 1928 som Astrid Spaabæk, daud 17. april 2020[1][2]) var ein norsk politikar for Høgre. Ho var stortingsrepresentant for Aust-Agder 1973–1989, 2. viseformann i Høgre 1978–1982 og forbrukar- og administrasjonsminister i Kåre Willochs regjering 1981–1986. Som statsråd arbeidde ho for å forenkla regelverk og effektivisera forvaltinga, liberalisera bustadsmarknaden, og utvida åpningstider. Gjertsen var fødd i Danmark, og flytta til Noreg som 18-åring.

Astrid Gjertsen
FøddAstrid Spaabæk
14. september 1928
Horsens
Død17. april 2020 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Familiebakgrunn endre

Ho vart fødd i Horsens i Danmark som dotter av gardbrukar Senius Spaabæk og husmor Helga Mogensen, og voks opp på garden til familien på Jylland. Etter realskolen gjekk ho gymnaset i Horsens 1944–1946. Ho har vore husmor i heile det vaksne livet sitt.[3]

Våren 1945 jobba ho som 16-åring som friviljug for Ungdommens Raude Kross i ein Folke Bernadotte-leir utanfor Horsens. Her gjorde ein Dei kvite bussane ein stopp, og ho møtte den 35-år gamle disponenten og krigsfangen John Herbert Gjertsen frå Nordstrand i Oslo. Gjertsen hadde vore nær ved å avrettast fleire gonger i løpet av sit tre år lange fangenskap, og kom til å bli prega av desse hendingane for resten av livet.[4] Paret gifta seg i september 1946.[5]

Paret flytta frå Oslo til Borøy ved Tvedestrand i 1953. Eigedomen dei kjøpte, Rosenlund, var gjengrodd og forfallen, men i løpet av 50 år omskapte Gjertsen han til eit vel anerkjent hageanlegg. Etter å avslutta sin politiske løpebane var Gjertsen difor flittig brukt som foredragshaldar innanfor emna hagestell. Gjertsen selde Rosenlund i 2004, og oppførte ein ny bustad i nærleiken.[6]

Politisk arbeid endre

Astrid Gjertsen var medlem av Tvedestrand kommunestyre og formannskap 1968–1975, og påtok seg ei rekkje verv i sjukehussektoren. Ho var den drivande krafta bak bygginga av sjukeheimen i Tvedestrand i 1974. Ho var òg formann i Tvedestrand Høgre 1972–1975 og tillitsvald i Noregs husmorforbund, SN-sambandet og 4H Noreg.[3]

Gjertsen var 1. vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder 1969–1973, og møtte fast for representanten Alfred Thommesen frå januar 1970.[4] Ved stortingsvalet i 1973 var Høgres mandat i fylket utsett, men Gjertsen lukkast i å bli vald. Ho engasjerte seg spesielt i forbrukar-, sosial- og likestillingspolitiske spørsmål og i pressestøtta. I spørsmålet om sjølvbestemt abort i 1979/1980 stod Gjertsen for ei restriktiv linje, men viste ein meir utprega feminisme på familiepolitiske område.[5][7] Ho var medlem av Stortingets administrasjonskomité 1973–1977, sekretær i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité 1977–1981 og 2. viseformann i Høgre 1978–1982.[3]

I 1981 vart Gjertsen utnemnd til forbrukar- og administrasjonsminister i Kåre Willochs regjering. Som statssekretær i departementet fekk ho Erling Lae, som stod sentralt i å gjera det hittil anonymet departementet til eit reformområde.[5] Dette skjedde etter ein valsiger med visse populistiske overtonar, fordi store deler av folkesetnaden oppfatta mange av 1970-åra sine markedsreguleringer som rigide, og følte seg framandgjorte i møte med offentleg sektor.[8] Dei overordna måla til departementet om å verna forbrukarane mot villeiande markedsføring, vart endra i retning av å opna for meir konkurranse, for å gje betre utval og prisar for forbrukeren, og betre tenester i offentleg sektor. Reformarbeidet gjekk under parolen «Det opne samfunn». I nært samarbeid med rasjonaliseringsdirektør og tidlegare statsråd Inger Louise Valle vart mange av endringane i offentleg administrasjon sette i verk med «Aksjon publikum» i 1982.[5]

Astrid Gjertsen avvikla pris- og avansereguleringar. Ho oppheva òg maksimalprisar på bustader, sidan dette var årsak til illegale prispåslag, som vart gjennomført som ein svart handel mellom kjøpar og seljar i stort omfang. Dereguleringa av bustadsmarknaden var særs kontroversiell i samtida.[9] Som statsråd freista ho òg å fremja likestilling gjennom å påskynda utbygginga av barnehagar.[5]

Gjertsen ynskte å avskaffa lukkeloven til fordel for ein meir liberal lovgivning for butikkarne sine opningstider. Krava for å kunne halda ope etter klokka 17 på kvardagar og klokka 14 på laurdagar var kompliserte, og ingen kunne halda ope på søn- og heilagdagar. Kioskar og bensinstasjonar var unnateke frå lukkeloven. Gjertsen la størst vekt på omsynet til dei ulike behova til familiane. Butikkeigarane frykta på si side omsetjingstap og lange arbeidsdagar. Med den nye lovgjevinga kunne butikkane halda ope til klokka 20, og kommunane fekk tilgjenge til å utvida ytterlegare. Endringane vart delvis reversert med opningstidloven av 1998 under statsråd Sylvia Brustad.[10]

I april 1986 vart det kjent at Gjertsen hadde freista å endra på beløpa på drosjerekningar, og ho gjekk av som statsråd 18. april. Kombinert med den sviktande helsa til ektemannen, hamna ho i ei djup personleg krise, men konsentrerte kreftene sine på Rosenlund etter at det rettslege etterspillet var sluttført.[5] Ho vart dømd til betinga fengsel for grovt bedrageri, og betalte attende beløpet.[11][12] Ho sat som medlem av Stortingets sosialkomité 1986–1989, men stilte ikkje til attval.[3][5]

Kjelder endre

  1. «Biografi: Gjertsen, Astrid». Stortinget (på norsk). Henta 20. juni 2020. 
  2. NTB. «Tidligere statsråd Astrid Gjertsen er død». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 17. juni 2020. [Dødsfallet ble bekjentgjort 17 april 2020. Nøyaktig dato ikke kjent.] 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Gjertsen, Astrid (1928-)». Stortinget. Henta 9. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 Ringheim, Gunnar (27. oktober 1999). «Kvinnene som forandre Norge. Astrid Gjertsen. Åpnet landet». Dagbladet: 16. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Langslet, Lars Roar (2001). «Astrid Gjertsen». Norsk biografisk leksikon 3 (2 utg.). Kunnskapsforlaget. 
  6. Kristiansen, Jens Ove (12. mai 2004). «Solgte livsverket». Dagbladet: 12. 
  7. Notaker, Hallvard (2012). Høyres historie. Opprør og moderasjon, 1975–2005. Cappelen. s. 68 og 137. 
  8. Notaker, Hallvard (2012). Høyres historie. Opprør og moderasjon, 1975–2005. Cappelen. s. 19–21. 
  9. Notaker, Hallvard (2012). Høyres historie. Opprør og moderasjon, 1975–2005. Cappelen. s. 107–110. 
  10. Lae, Erling (29. juli 2002). «Ny lukkelov? Nei takk!». Dagbladet. 
  11. Dyp personlig tragedie bak Astrid Gjertsens forfalskninger, sier Kåre Willoch. NRK Dagsnytt. 20. mai 1986. 
  12. Astrid Gjertsen dømt til 45 dagers betinget fengsel for grovt bedrageri. NRK Dagsnytt. 9. november 1986. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre