Basilicata er ein region sør i Italia med Potenza som hovudstad. Han grensar til Campania i vest, Apulia i nord og aust og Calabria i sør. I tillegg har han korte kystlinjer til Tyrrenhavet i vest og Tarantobukta i Det joniske havet i sør. Regionen har eit areal på 9 995 km² og i 2020 om lag 550 000 innbyggjarar. Regionen er delt i dei to provinsane Potenza og Matera.[2][3]

Basilicata
region
Flagg
Land  Italia
Hovudstad Potenza
Areal 9 994,61 km²
Folketal 547 579 (31. desember 2020)[1]
Kart
Basilicata
40°30′N 16°30′E / 40.5°N 16.5°E / 40.5; 16.5
Wikimedia Commons: Basilicata

Geografi endre

 
Dolomiti lucane og Pietrapertosa
 
Dei to provinsane i Basilicata.

Basilicata dekkjer ein stor del av dei sørlege Apenninane, mellom elva Ofanto i nord og Pollino-massivet i sør. I aust er ein stor del av han avgrensa av Bradano-elvesenkinga, som har fleire bekkar og skråningar ned til kystslettene ved Det joniske havet. Regionen har også ei kort kystline mot Tyrrenhavet i sørvest.

Regionen er dominert av fjell og det høgaste punktet er Monte Pollino (2 233 moh.) i Appenninane. Monte Vulture nordvest i regionen er ein utdøydd vulkan (1 330 moh.). Det fjellendte terrenget har gjort kommunikasjon vanskeleg fram til moderne tider og Basilicata var ein av dei minst utvikla regionane i Italia. Fråflytting på stor skala førte til at innbyggjartalet i Basilicata berre voks med 12 % på heile 1900-talet, det seinaste i heile Italia. Basilicata var òg ein av dei fattigaste regionane i landet, men har vorte langt rikare dei siste åra på grunn av funn av olje.

Basilicata er delt inn i to provinsar:

Historie endre

I romartida var området kalla Lukania og det vart styrt i lag med Bruttium (og busett av bruttiarane) i sør. Området Lukania vart kalla opp etter lukanarane som invaderte området på 400-talet fvt., og dreiv dei innfødde stammene som grekarane kalla oenotrianarar, khonarar og leuternarar opp i fjellområda. Kysten på begge sider var okkupert av mektige greske koloniar, som var delar av Magna Graecia.

Lukanarane var fiendar av den greske kolonien Taras/Tarentum og med kong Aleksander av Ipiros, som vart kalla inn av tarentinarane for støtte i 326 fvt..

I 298 fvt. vart dei ifølgje Livius allierte til Den romerske republikken og romarane oppretta koloniar i Venusia (291 fvt.), Paestum (gresk Posidonia, gjenoppretta i 273 fvt.) og sist men ikkje minst romersk Tarentum (nygrunnlagd i 272 fvt.) Lukanarane leid ved at dei valde dei tapane sidene i fleire krigar på halvøya som Roma tok del i. Dei var stundom allierte til Roma, men stort sett var dei fiendar under samnittarkrigane. Då Pyrrhos av Ipiros gjekk i land i Italia i 281 fvt. var dei av dei første som støtta han, og då han brått forsvann vart dei til slutt underlagt romarane etter eit ti år langt felttog (272 fvt.). Den fientlege haldninga stod djup og dei støtta Hannibal under den andre punarkrigen (216 fvt.) og Lukania vart plyndra av begge hærar under fleire felttog. Landet kom seg aldri att etter desse katastrofane og under romarane forfall landet og under forbundsfellekrigen tok lukanarane samnittarane si side mot Roma (90–88 fvt.), noko som førte til deira endelege fall. Dei greske byane på kysten vart raskt mindre viktig og folketalet minka ytterlegare på grunn av malaria. Dei få byane i indre strøk var uviktige. Ein stor del av provinsen vart beitemarker og fjella vart gjengrodd av skogar med mykje villsvin, bjørn og ulv.

Demografi endre

Byar i Basilicata med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Potenza 69 060
Matera 57 785

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Basilicata