For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Chimborazoprovinsen.


Chimborazo er ein utdøydd vulkan i provinsen med same namn i Ecuador og det høgste punktet i landet med eit toppunkt på 6310 moh. Vulkanen ligg rett ved den panamerikanske hovudvegen ca 30 km nordvest for provinshovudstaden Riobamba og vel 40 km vest for den kjente aktive vulkanen Tungurahua. Vulkanen er kjegleforma kor basen har ein diameter på ca 20 km. Mellom høgda 5100 moh og topphøgda er fjellet islagt.

Chimborazo
fjell
Chimborazo sett frå sørvest.
Foto: Gerd Breitenbach
Land  Ecuador
Fjellkjede Andes
Høgd 6 310 moh.
Lettast tilkomst Is- og snøklatring
Førstestiging 4. januar 1880, Jean Antoine Carrel, Louis Carrel og Edward Whymper
Koordinatar 1°26´09“S 78°49´03“W
Kart
Chimborazo
1°28′09″S 78°49′03″W / 1.4691666666667°S 78.8175°W / -1.4691666666667; -78.8175
Wikimedia Commons: Chimborazo

Historie endre

 
Chimborazo sett frå kystbyen Guayaquil
Foto: Santiago Montesdeoca
 
Vikunja like ved Chimborazo
Foto: David Torres Costales/@DavoTC

Namnet kjem mest sannsynleg frå quechua-frasen chimbana rasu som kan omsetjast til «veg i snø». Det vert sagt at vulkanen kan sjåast frå Stillehavet ved kysten av Ecuador under gode forhold, og det er også hevda at spanjolane observerte Chimborazo då dei segla mot Peru i 1532. Italienaren Girolamo Benzoni var den første frå Europa som skildra vulkanen, og føreslo at han hadde ei høgd på 40 miglia. Ein første kjend freistnad på å stige opp på Chimborazo gjorde Alexander von Humboldt saman med Aimé Bonpland og Carlo Montúfar den 23. juni i 1802. Dei skal ha nådd høgda 5875 meter før dei måtte snu av høgdesjuke. Den gongen var det verdas høgste kjende oppstiging og von Humboldt gav etter det ei første skildring av symptom på høgdesjuke. Det føregjekk enda eit mislukka forsøk på å nå opp på vulkanen i 1831. Først 78 år etter von Humboldt sin ekspedisjon vart Jean Antoine og Louis Carrel frå Italia og Edward Whymper frå Storbritannia dei første som ein veit klarte å nå toppen av Chimborazo. Datoen var 4. januar 1880. Same år gjentok Whymper oppstiginga i ei anna rute saman med David Beltrán and Francisco Campaña frå Ecuador. I dag finst det ei hytte på om lag 5000 moh. oppkalla etter Edward Whymper.

Før Himalaya blei målt opp trudde ein at Chimborazo var verdas høgste fjell, men i 1856 viste målingar utførte av George Everest at mange toppar i Himalaya, og då spesielt Mount Everest, ligg klart over høgda på Chimborazo. Ein veit i dag at sjølv i Sør-Amerika finst mange høgare fjell enn Chimborazo, ein kjenner til meir enn 25 toppar på kontinentet som er høgare, dei fleste er vulkanar.

Anna informasjon endre

Årsaka til at toppen av Chimborazo kan hevdast å vere det høgstliggande punkt over jordsenteret er at han ligg nær ekvator. Jorda har ei ellipsoidisk form grunna jordrotasjonen, så radiusen ved ekvator er så mykje lengre enn ved 29 grader nord kor Mount Everest ligg at det utgjer meir enn skilnaden i høgdene målt frå havflata.

Isen på Chimborazo har vore drikkevasskjelde for dei to kantonane Bolivar og Chimborazo. Sommaren 2005 var forsyninga for byen Guaranda kritisk, sannsynlegvis fordi nedsmeltinga av isen på vulkanen skjer raskt. Etter det franske forskarar fortel, vil dei fleste isbreane i Andes smelte i løpet av dei neste 5 til 10 åra grunna global varming. Om så skjer vil også byar som Quito, Lima og La Paz få alvorlege vassforsyningsproblem i ei nær framtid.

Fleire kjelder oppgjev i dag høgda åt Chimborazo til 6267 meter, truleg etter nyare målingar.

Bruk av namnet Chimborazo endre

Chimborazo vart nytta som skipsnamn i Europa1800-talet. Det mest kjente skipet med namnet er dampskipet SS «Chimborazo» som seglde i rute mellom Liverpool og Valparaiso i perioden 1871–1877 med gjennomsnittleg reisetid på 40,5 døger, deretter i fart på Stillehavet fram til 1887. Seinare var det mellom anna i Noreg som cruiseskip i 1889. Det endra namn i 1894.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chimborazo