El Greco, opphavleg Domenikos Theotokopoulos, (15417. april 1614) var ein gresk-spansk kunstnar, den fremste representanten for manierismen i Spania. Han var fødd i Fodele på Kreta, som då var ein venetiansk koloni. Størstedelen av livet arbeidde han i Spania, døydde i Toledo.

El Greco

Pseudonym Theotocopuli, Dominico
Statsborgarskap Kongemakta Castilla, Republikken Venezia
Fødd 1. oktober 1541
Iráklio, Fodele
Død

7. april 1614 (72 år)
Toledo i Spania

Yrke kunstmålar, bilethoggar, arkitekt, bygningstegner, grafikar
Sjanger portrettmåleri, mytologisk maleri, religiøst maleri, ikonmåleri, sjangermåleri, historiemåleri, landskapsmåleri, portrett
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Born Jorge Manuel Theotocópuli
Signatur
El Greco på Commons

Liv og gjerning endre

 
Gravferda til grev Orgaz, 1586-88
 
Kristus med krossen, 1577-79

El Greco var utdanna ikonmålar i den bysantinske tradisjonen. Omkring 1560 reiste han til Venezia og vart elev hos Tizian. Han reiste sidan til Roma, der han fekk ei viss merksemd og hadde eigne elevar, men flytta 1570 til spanske Toledo, der han vart verande til han døydde.

El Grecos kunstnarlege utvikling gjekk over tre stadium. Måleri frå det første stadiet, 1570-80, viser venetiansk påverknad, framfor alt frå Tizian. Linjeteikninga forsvinn, fargemessig finst ikkje grenser, og det reint målingstekniske dominerer. El Greco sin dramatiske bruk av lys og skugge, (chiaroscuro), og portrettstilen hans tyder på påverknad også frå Tintoretto, Paolo Veronese, Bassano og kan hende Correggio. Treeininga og Dame i pels stammar frå denne perioden.

Under den andre perioden, 1580-90, kombinerte han visse bysantinske drag med ei veksande kjensle for rytme og rørsle; der i mellom Den heilage Mauritius martyrdød og Krossfestinga. Gravferda til grev Orgaz framstiller dei to helgenane Stefanus og Augustin i ferd med å senke liket ned i grava. Lerretet er dekt med figurar, nokre av dei portrett, desse både kontrasterer og sameinar den himmelske og den menneskelege verda, det strenge og alvorlege uttrykket i den nedre delen av måleriet og den Heilage Ande sin stråleglans i den øvre delen. Sjåaren sine auge vert leidd opp til Kristusfiguren, som Johannes Døyparen bønfell å ta imot greven si sjel. Denne åndelege hänförelse er typisk for El Greco.

Under den tredje og siste perioden, 1590-1614, konsentrerte El Greco seg meir og meir om å skildre ein indre herlegdom, og i den siste fasen nådde han eitt fullstendig åndeleg uttrykk. Frå 1604 vert kjensla for rytme forsterka, og form og farge går meir og meir mot det enkle. Til dei seinare måleria høyrer Evangelisten Johannes openberring og Utsikt over Toledo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: El Greco