Giancarlo Fisichella

Giancarlo Fisichella

Giancarlo Fisichella etter sigeren i Malaysia Grand Prix 2006
Nasjonalitet Italia Italia
Nummer på bilen 3
Køyrer for Renault
Formel 1-karriere
Antall løp 190 (188 startar)
Vunne meisterskap 0
Sigrar 3
Pallplasseringar 18
Pole position 3
Karriere-poeng
Raskaste runde 2
Første løp Australia Grand Prix 1996
Første siger Brasil Grand Prix 2003

Giancarlo Fisichella (fødd 14. januar 1973) er ein italiensk motorsport-utøvar. Han køyrer for formel 1 laget Renault F1 der han har køyrt sidan 2005. Han har tidlegare køyrd for lag som Sauber, Jordan, Benetton og Minardi.

Han er forlova med Luna og saman har dei borna Carlotta og Christopher. Ved sida til formel 1-karrieren, driv Fisichella laget Fisichella Motor Sport i GP2 serien, som for mange utøvarar er inngangsporten til Formel 1.

Historie endre

Giancarlo Fisichella voks opp i den italienske byen Roma. Som ande formel 1 køyrarar flest, byrja han å køyre go cart frå han var liten. I 1992 byrja han i den italienske formel 3 serien, der han kom på andre plass i 1993 og vann meisterskapen i 1994. I 1995 gjorde ha eit kort hopp til International Touring Car Championship, der han køyrde for Alfa Romeo.

Formel 1 endre

Minardi endre

Giancarlo Fisichella byrja med Formel 1 i 1996 då han vart tatt opp i stallen til Minardi. Men etter som Minardi forlanga førarar som tok med seg pengar inn i stallen, vart han byta ut med Giovanni Lavaggi og fullførte difor ikkje sesongen. Fisichella fungerte istaden som testkøyrar for Minardi, men og for Ferrari.

Jordan Grand Prix endre

For 1997 sesongen vart Fisichella med i Jordan-laget, der han køyrde saman med Ralf Schumacer, den yngre broren åt verdsmeisteren Michael Schumacer. Giancharlo Fisichello fekk si første pallplasering da han kom på tredjeplass ved Canada Grand Prix, ved Hockenheim var det nær at Fisichella fekk sin første siger, men braut etter ei punktering. Fisichella fekk vist fram talentet sitt igjen ved regnvåte Belgia Grand Prix, der han kom på andre plass, etter Michael Schumacer. Etter det løpet signerte han for Benetton-laget.

Bennetton Formula endre

Diverre for Fisichella skjedde overgangen ved eit uheldig tidspunkt. Renault som hadde levert motorar til Bennetton, trekte seg heilt frå formel 1, noko som førte til at Bennetton måtte klare seg med eldre motorar frå sesongen føre. Fisichella tok likevell poeng og fekk to andre plassar ved Montreal og Monaco det året.

Sesongen 1999 viste seg å vere eit enda dårlegare år for Bennetton og Fisichella som berre fekk ein andre plass og braut ei rekkje gonger. Sesongen 2000 var noko betre, der Fisichella kom på pallen 3 gonger. Ved byrjinga av 2001 sesongen vart Bennetton kjøpt opp av den tidlegare motorleverandøren Renault, men det viste seg vanskeleg å redda den sesongen. Med berre ein einaste tredjeplass då sesongen var slutt, gjekk Fisichella frå Bennetton for å køyre for Jordan igjen.

Tilbake til Jordan endre

 
Giancarlo Fisichella køyrer USA Grand Prix 2002 ved Indianapolis

Tilbake i Jordan-stallen i 2002, fekk ikkje Fisichella ein einaste pallplasering det året. Endåtil braut han fleire gonger enn han laut året føre. Det neste sesongen fekk Fisichella ein siger ved Brasil, men det var og einaste gongen han hamna på pallen det året. Ved Brasil Grand Prix året etter sigra Fisichella over Kimi Räikkönen og Fernando Alonso. Fisichella var likevell misfornøgd med tilstoda i Jordan og bytta stall enno ein gong.

Sauber Petronas endre

For 2004 sesongen køyrde Fisichella eit år for Sauber Petronas. Dei brukte Ferrari motorane gjorde det bra for Fisichella som i motsetnad til tidlegare år berre måtte bryte eit løp, Monaco Grand Prix. Tidleg i løpet byrja motoren til Takuma Sato sin Bar-Honda å ryke, og ekploderte med ein enorm røyksky der Fisichella køyrde inn i briten David Coulthard frå McLaren. Begge kom frå det utan skadar, også Sato. Men det vart ein tidleg slutt på Monaco Crand Prix 2004 for dei tre. Fisichella kom aldri på pallen med Sauber, men gjorde det bra det meste av sesongen, noko som fekk den tidlegare sjefen hans i Benetton-Renault, Flavio Briatore til signera Fisichella for det nye Renault-laget.

Renault endre

I Renault køyrde Fisichella saman med Fernando Alonso. Medan den unge Spanjolen vart dobbel verdsmeister både for 2005 og 2006 sesongen, hadde Fisichella problem med å halde fylgje med lagkameraten. Fisichella gjorde det likevell betre enn tidlegare år og Renault vann konstruktørmeisterskapen begge sesongane. For den pågåande 2007 sesongen har Fisichella selskap med finnen Heikki Kovalainen. Ingen av dei har enno vore på pallen. Renault som bytta dekk frå Michelin til Bridgestone for sesongen, ligg på ein førebels fjerdeplass i konstruktørmeisterskapen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giancarlo Fisichella


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen