Inga Tusvik

norsk politikar

Inga Lovise Tusvik (6. juli 191414. mai 1992) var ein norsk rektor og politikar for Venstre.

Inga Tusvik
Fødd6. juli 1914
Borgund kommune
Død14. mai 1992 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Ålesund videregående skole
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1965–1969)
  • vararepresentant til Stortinget (1958–1961)
  • vararepresentant til Stortinget (1961–1965) Sjå dette på Wikidata

Tusvik vart fødd i Borgund i Møre og Romsdal, som dotter av fiskaren og småbrukeren Lars Petter Olaus Tusvik og Ingeborg Elise Maurstad. Ho fullførte examen artium ved Ålesund gymnas i 1935. Under andre verdskrigen arbeidde ho som vikar og lærer i folkeskolen i Borgund og Hareid, og dessutan eit kort bel ved Ålesund høgare almenskole. Samstundes var ho med i motstandsorganisasjonen Milorg, og vart tildelt Deltagermedaljen for arbeidet sitt der.

Etter krigen valde Tusvik å utdanna vidare seg ved Universitetet i Oslo. I 1947 tok ho embetseksamen, og i 1949 tok ho pedagogisk eksamen og leverte hovudoppgave om Berte Canutte Aarflot. I 1948 tok ho eit vikariat ved Sortland kommunale høgskule og i 1949 eit nytt ved Tromsø høgare almenskole. I 1950 vart ho fast tilsett som styrer ved Askvoll realskole, før ho vart lektor ved Rogaland offentlege landsgymnas frå 1952, og deretter rektor ved Voss gymnas frå 1969–1981.

På 1950-talet vart Tusvik òg meir aktiv i Venstre. I 1951 vart ho vald inn i Askvoll kommunestyre, og i 1955 i Time kommunestyre, samstundes som ho vart formann for Time Venstrekvinnelag. I 1960 vart ho med i Landsstyret til venstre, og på 60-talet sat ho som formann både i Rogaland Venstre si fylkeskvinnelag og Noregs Venstrekvinnelag. Etter to periodar som vararepresentant ved Stortinget, kom ho i 1965 inn som fast representant som éin av tolv kvinner. I fire år sat ho som nestformann i Administrasjonskomiteen, der ho blant anna tok til orde for fleire kvinnearbeidsplassar i distrikta, språkleg likestilling i lærebøkene, og at fredsforsking burde inn i lærebøkene i samfunnslære. Tusvik ynskte dessutan Noreg inn i EF, og at vi skulle senda norske lærarar til skular i utviklingsland.

Tusvik var òg eit organisasjonsmenneske utanfor politikken, og var blant anna aktiv i Folkeopplysningsrådet, i Rogaland bispedømeråd, i styret i Statens edruskapsdirektoratet og i Motorførernes avholdsforbund. 1970-72 var ho formann i Voksenopplæringskomiteen.

Inga Lovise Tusvik døydde i Sula.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre