Jungfrau (tysk for «jomfru») (4158 moh) er ein av dei høgaste fjelltoppane i Bern-Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom kantonane Valais og Bern i Sveits. Saman med Eiger og Mönch dannar Jungfrau ein massiv vegg godt synleg i Berner Oberland, og er rekna for å framvise eit av dei mest imponerande syn i dei sveitsiske Alpane. Jungfrau er tredje høgste fjellet i Bern-Alpane, etter dei nærliggjande Finsteraarhorn og Aletschhorn, høvesvis 12 og 8 km unna.

Jungfrau
fjell
Jungfrau sett frå Mürren
Land  Sveits
Del av Jungfrau-Aletsch protected area
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 158 moh.
Primærfaktor 704 m ↓  skardet mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°32′12.5″N 7°57′45.5″E / 46.536806°N 7.962639°E / 46.536806; 7.962639
Lettast tilkomst snø- og isklatring
Førstestiging J. Meyer
 - dato 3. august 1811
Kart
Jungfrau
46°32′13″N 7°57′45″E / 46.536944444444°N 7.9625°E / 46.536944444444; 7.9625
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Jungfrau

Geografi endre

Jungfrau er det vestlegaste og høgste punktet i ein gigantisk 10 km lang fjellvegg, som kneisar dominerande over dalane Lauterbrunnen og Grindelwald. Fjellveggen vert danna gjennom oppstillinga av dei mest utprega nordveggane i Alpane, med Mönch (4107 m) og Eiger (3970 m) langs sida av Jungfrau, fjellveggar som reiser seg opptil 3000 m frå dalane under. Jungfrau er om lag 6 km unna Eiger; toppen av Mönch ligg omtrent midt i mellom, ei 3,5 km frå Jungfrau. Fjellveggen held fram vidare mot aust til Gross Fiescherhorn, og mot vest i Lauterbrunnen-veggen.

Høgdeskilnaden mellom fjelltoppen og den djupe dalen Lauterbrunnen (800 m), er særleg synleg frå området kring fjellandsbyen Mürren. Frå dalbotnen stig terrenget med over 3000 m, på ei horisontal strekning på 4 km.

Landskapet kring Jungfrau er rikt på kontrastar. I nordvest er dei stupbratte avgrunnane, søraustsida er snødekt til kring 3 500 moh av Aletschgletscher. Den 20 km lange Aletsch-dalen i søraust er ubebudd og er kringsett av andre, liknande bredalar. Dette området er det største, bredekte i heile Alpane.

 
Nordveggen på Jungfrau

Klatresoge endre

Toppen av Jungfrau vart nådd fyrste gong 3. august 1811 av brørne Rudolf og Hieronymus Meyer frå Aarau (søner av topografen J.R. Meyer). Dei hadde fylgje med to gemsejegerar frå Valais, truleg A. Volker og J. Bortis. Fyrst gjekk dei opp til Aletschfirn (vestleg arm av Aletschgletscher), nord for Aletschhorn. Dei slo leir der, og kunne etter tre dagars tur stå på toppen. Bestiginga deira vart trekt i tvil, så dei bestemte seg i september året etter for å gjenta bestiginga. Dei gjekk då same ruta. For å vise dei hadde nådd til topps, bar dei med seg eit flagg.

Fyrste direkteruta frå dalen Lauterbrunnen vart klatra i 1865 av George Young, H. Brooke George og fjellføraren Christian Almer. Dei bar med seg stigar som dei nytta til å krysse dei mange bresprekkene på nordsida av fjellet.

Fyrste vinterbestiginga fann stad 22. januar 1872. Meta Brevoort og W.A.B. Coolidge nytta då ein slede opp Ober Aletschgletscher. Brevoorts yndlingshund, Tschingel, var med dei på turen til toppen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jungfrau