Karelen (russisk Карелия Karelija, svensk: Karelen, finsk, karelsk og estisk Karjala) er eit historisk landskap som ligg på båe sidene av grensa mellom Finland og Russland. Store delar av russisk Karelen er ein del av Republikken Karelen. Delar av Karelen ligg i Leningrad oblast. Finsk Karelen er delt i landskapa Sør-Karelen og Nord-Karelen.

Denne artikkelen handlar om det historiske landskapet. For republikken i Russland, sjå Karelia.
Våpenet til Karelen. Symbolikken med to dregne sverd, gjev eit bilete av landskapet si blodige historie.
Karelen

Historikk endre

Heilt sidan mellomalderen har kontrollen over Karelen vore kjempa om av Sverige, Finland og Russland. Karelarane vart omvende til russisk-ortodoks kristendom av misjonærar frå Novgorod. Sverige og Novgorodriket kjempa om kontrollen på 1200-talet. Fredsavtala Nöteborgstraktaten i 1323 delte Karelen mellom dei. Viborg vart hovudstad i den nye svenske provinsen.

Freden i Nystad i 1721, etter den store nordiske krigen, avgjorde at mestedelen av Karelen skulle høyra til Russland. Etter at Finland hadde vorte ein del av Russland etter Finskekrigen, vart delar av Karelen med i Storhertugdømet Finland. I 1917 vart Finland sjølvstendig, og grensa vart fastlagd i Tartutraktaten av 1920. Etter den finske vinterkrigen og den finske framhaldskrigen under den andre verdskrigen vart størstedelen av Karelen ein del av Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Karelen
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.