Kizji (russisk Кижи) er ei øy i Onegasjøen som ligg i den russiske autonome republikken Karelen. Øya har fleire vakre kyrkjer, kapell og hus bygd av tre. Kizji er på verdsarvlista til UNESCO og er eit av dei mest populære turistmåla i Russland.

Kizji
øy
Land  Russland
Kart
Kizji
62°05′00″N 35°13′00″E / 62.083333333333°N 35.216666666667°E / 62.083333333333; 35.216666666667
Wikimedia Commons: Kizhi

Kizji er 7 km lang og 0,5 km brei og ligg 70 km nordaust for hovudstaden i Karelia, Petrozavodsk. Øya er omgjeven av rundt 5 000 andre holmar og øyar. Dei fleste er ganske små; nokre er berre skjer på 2 m × 2 m, men det er òg større øyar i området; nokre er 35 km lange.

Historie endre

 
Kyrkjene på Kizji

Arkeologiske funn og helleristingar vitnar om at det har budd menneske i området sidan ein gong mellom 500 og 400 f.Kr. Fram til år 1000 var området busett av vepsiske og samiske stammer. Truleg var Kizji alt då eit religionssentrum, folk frå mange stader i området skal ha kome til øya for å delta i heidningeritual. Nokre forskarar meiner at namnet på øya kjem av det karelske ordet kizhat, som tyder «rituelle leiker». Mellom 900-talet og 1200-talet kom nokre grupper frå Novgorod-området og busette seg langs kysten av Onegasjøen og folk frå der brakte med seg både kristendommen, sine jordbruksmetodar og novgorodsk arkitektur og handverk. Kizji si historie er forbunde med Novgorod si historie, området var på 1200- og 1300-talet underlagt republikken Novgorod. I 1478 vart Kizji-øyane lagt under Moskva. Dei første skriftlege kjeldene om dei valmtakdekte kyrkjene på Kizji er frå 1500-talet.

Området bak kyrkjene som normalt vart brukt som kyrkjegard, vart kalla ein pogost. Seinare vart ordet òg nytta på plassen føre kyrkja og det vart etter kvart forbundet med administrasjonen av kyrja. Kizji pogost, som området er kjent som i Russland, var på denne tida administrasjonssenter for ein busetnad som omfatta 130 landsbyar og var då størst i Nord-Russland. Den vesle øya Kizji hadde ni landsbyar, men berre to av dei har overlevd; Jamka og Vasilevo.

Frå slutten av 1500-talet til byrjinga av 1700-talet var det harde tider for innbyggjarane av Kizji, massedød følgde invasjonane av Sverige, Polen og Litauen. Etter at Den store nordiske krigen var over i 1721, vakna optimismen og trua på framtida igjen, landsbyar vart reparert og nye kyrkjer vart bygd. Kyrkjene vart ikkje berre brukt til gudstenester, dei var òg åstad for møter og samlingar. Tsaren sine kunngjeringar vart lest opp her, dommar vart iverksette og viktige avgjersler vart tatt. Dei første bondeopprøret i Nord-Russland starta på eit av desse møta, noko som gav opprøret namnet Kizji-opprøret (1769-1771).

I 1930-åra organiserte statskollektivet Nordleg gnist ein gard på Kizji. Mellom 1941 og 1944 var øya okkupert av finske tropper og mange av innbyggjarar vart flytta til konsentrasjonsleirer i Petrozavodsk. Det var aldri direkte strida på øya, men finnane leid veldig under åtak frå partisanar.

 
Kuplane på Transfigurasjonskirken.

Kyrkjene på Kizji endre

Trearkitektur i Karelia representerer ein heil epoke i russisk kulturhistorie. «Juvelen» i arkitekturen på Kizji er Kristi Forklarelses-kyrkja (russisk: Preobrazjenskaja), med sine 22 laukforma kuplar. Kuplane er dekte med trespon (osp) og den totale høgda på kyrkja er 37 m. Inne i kyrkja dekker ei vakker barokk ikonostas (vegg med dører som skil kor frå skip) heile austveggen. Det er fire rader med til saman 104 ikon frå 1600- og 1700-talet på ikonostasen. Kyrkja vart først nemnd i Pistsovaja Kniga-krønika frå 1496. Laukforma på kuplane symboliserer himmelen i den russisk-ortodokse tradisjonen. Dagens kyrkje vart innvigd i 1714 under Peter den store.

 
Kuplane på Forbønnskyrkja.

Forbønnskyrkja (russisk: Pokrovskaja) ved siden av, har ni kuplar og vart rekonstruert til dagens form i 1764. Den restaurerte ikonostasen består av fire rekker av ikon avdelt med måla bjelkar. 44 av ikona er måla mellom 1600- og 1800-talet i ein skala av pastellfarger som er utvikla av lokale pigment.

Det høge klokketårnet til kyrkja vart bygd i 1874, det erstatta då eit gammalt tårn som skal ha stått på plassen.

De to kyrkjene og tårnet utgjer ein heilskap, der dei står saman omgjeve av eit lågt gjerde som består av ei steinfylling med ein vegg laga av tømmerstokkar, som igjen er dekt av eit tak. Veggen følgjer forma til terrenget.

Begge kyrkjene vart ombygd fleire gonger opp igjennom hundreåra og dagens bygningar er frå 1700-talet. Kyrkjene skifta på å ha gudstenester, Kristi Forklarelses-kyrkja vart brukt i den varme årstida, medan Forbønnskyrkja, som var oppvarma, vart brukt i vintermånadane. Det mest spesielle med desse bygningane er at dei vart sett opp utan ein einaste spiker eller metallbjelke. Dei er eit unikt døme på folkearkitektur og eit imponerande snikkarhandverk. Ei segn seier at han som utførte arbeidet kasta øksa si i Onega etter at arbeidet var ferdig og sa: «Det har aldri eksistert, ingen stader finst det no og det vil aldri verte laga ei kyrkje som dette! »

Friluftsmuseum endre

Sovjetiske styresmakter oppretta eit friluftsmuseum for russisk trearkitektur på Kizji i 1960. Det første monumentet vart brakt til øya i 1951 og museet opna for publikum i 1966. Eit innvikla restaureringsarbeid pågjekk mellom 1949 og 1957, ledet av den velrenommerte russiske arkitekten Dr. A. Opolovnikov. Fleire av bygningane er framleis under restaurering. Mindre trebygningar frå mange stader i Karelia har vorte ført hit. Ein av de mest spesielle, er St. Lasaruskyrkja (russisk: Lazarevskaja) frå 1300-talet, som vart ført hit frå Muromskij-klosteret (Morumklosteret). Kyrkja er reist på ei lita øy, Mootsj. Dette er den eldste trekyrkja i Russland. St. Lasarus-kyrkja har fått namnet sitt fordi heidningar reiv ho ned, medan han som bygde ho sette ho opp igjen, gong på gong.

I dag finst det 82 monument av trearkitektur på Kizji. Av dei er kapella frå landsbyane Velikozero (bygd siste halvdel av 1700-talet) og Kavgora (bygd mellom 1600-talet og 1800-talet). I tillegg er det samla bondehus, lagerhus og møller her. Monument over folkeleg trearkitektur, bondeliv, trearbeid og biletkunst frå den russiske oldtida vert framleis ført til øya. Museet har som mål å vise fram kulturen til Karelia sine forskjellige nasjonalitetar og etniske grupper. Nylege utstillingar har til dømes vist Russisk broderi, Russarar frå Pudozje og Karelarar frå Prjazja. Innsamlinga av artiklar pågår kontinuerleg.

Kizji-museet er ope for publikum frå 25. mai til 15. oktober og vitjande kan komme dit med hydrofoil frå Petrozavodsk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre