Myllärit

karelsk musikkgruppe

Myllärit (karelsk for ‘Møllarane’) var ei karelsk rock- og folkemusikkgruppe starta i 1992 i Petrozavodsk i republikken Karelia i Russland.[1][2] Dei syng på karelsk, finsk og russisk.

Myllärit

Myllärit i 1997
OpphavRussland
Aktiv1992–2011
Sjangerfolkemusikk, rock, folkrock
PlateselskapBOXco
Myllarit Center

Historie endre

Aleksandr Bykadorov, også kalla Dedusjka («bestefar»), vert rekna som grunnleggjar av gruppa. På 1980-talet flytte han frå Samara til Petrozavodsk for å studere ved musikkkonservatoriet. Også i Samara hadde han drive på som rockemusikar, og han heldt fram med dette i Petrozavodsk ved å bli med i gruppa Santtu Karhu & Talvisovat. Arto Rinne, som òg spela i Myllärit, skildra Bykadorov på denne tida slik:

Ein stor mann med langt hår og skjegg. Han spela folkeinstrument og tangentar. På konsert bar han ei svart kappe med hette, så han minna om ein vanvitug munk. Det var umogleg å ikkje leggje merke til han.[3]

I 1988 vart Bykadorov invitert til å spela ved folkeensemblet Kantele i Petrozavodsk, som vart stifta i 1936. I dei fyrste fire åra han var der, var han korsongar, dirigerte orkester, var leiar og konsertmeister for vokalgruppa «Ajno» og heldt på som som regissør, produsent og kunstarisk leiar. «På den tida laga Aleksandr så mange arrangement for orkester, kor og solistar at dei i ensemblet enno ikkje har kunna spela alle.» minnest kollegene hans.

I 1992 forlét Bykadorov og fem vener, alle profesjonelle musikarar, Kantele for å starte Myllärit. Desse fem var Sergej Zobnev, Jelena Samsonovitsj, Andrej Varkentin, Marija Frolova og Dmitrij Djomin, som til saman spela finsk trekkspel, fele, bratsj, klarinett og kontrabass. Spelmannsmusikk og tradisjonelle finske og karelske melodiar låg til grunn for å danne gruppa, i tillegg til nokre russiskspråklege songar. Gruppa vart skipa etter ein opptreden på folke(musikk)festivalen i den tyske byen Tübingen, der musikarane spela repertoar frå Kantele. Dei vekte interesse hjå festivalarrangørane og bestemte seg for å starte ei solokarriere. Framover reiste dei mykje til utlandet, og dei fyrste åra var gruppa meir kjende i Europa enn i Russland. På bakgrunn av dei bestemte dei seg for å vende seg meir mot det finno-ugriske og inviterte med den finskætta vokalisten Arto Rinne. No kom finske, ingermanlandske og karelske songar inn på repertoaret, noko gruppa tente på når dei skulle ut på dei europeiske gatene.

Ein av songane som musikarane arbeidde med, var «ein song av ingermanlandske finnar som budde i Leningrad oblast» kalla Eta Pravda (etter russisk «Это правда» – «Det er sant»), ein finsk song med russisk refreng. Denne vart ein hit i Finland. Myllärit gav ut det fyrste albumet sitt i Finland, nemleg Eta Pravda som kom i 1997. Ved innspelinga av albumet deltok òg dei kizjiske klokkeringarane Igor Arkhipov og Igor Khutter. Lyden av klokkene til musikarane vart spela inn i kultur- og kvileparken i Petrozavodsk (Государев сад), der dei hadde sett opp eit flyttbart klokketårn.

På same album kom òg songen Petroskoi, til ære for byen Petrozavodsk. Songen er skriven på karelsk i starten av 1960-åra av Ivan Levkin frå Vedlozero, opphavleg for eit kor. Nyhendebyrået Respublika Karelija kallar denne songen «hovudlydsporet i Karelen ved slutten av det 20. århundret». Vidare skriv dei at takk vera Myllärit har «hovudstaden i Karelen heile tiåret vorte ein hovudstad for det russiske (og internasjonale) folket», også sidan gruppemedlemmane tek aktivt del i å arrangere relevante hendingar.

Gruppa byrja å halde konsertar i Petrozavodsk i 1995 og selde vanlegvis ut fulle hus. Dei heldt òg fram med å turnere rundt i verda, og musikken deira vart spela i radio og på TV. I 2002 forlét Arto Rinne og Dmitrij Djomin gruppa, og ein byrja å hente inn nye musikarar.

I 2004 kom albumet Saaren Synty («Øyas fødsel») med Leo Sevets (1965—2016)[4] som hovudvokalist. Han hadde vore med i gruppa sidan 1999. Hausten 2005 spela dei inn albumet Metsolan Kuningas («Skogens konge»). Rett etterpå forlét Sevets gruppa, og i hans plass kom Andrej Khabonen, som leia rockabillybandet 15 Megatones i Petrozavodsk, og hadde spela kontrabass med Myllärit i 1997.

Den 25. mai 2010, i ein alder av 52 år, gjekk Aleksandr Bykadorov bort[5]. Etter dette avgjorde dei resterande medlemmane å leggje ned gruppa. Festivalen Deda Fest har vore halde til minne om Bykadorov[6].

Medlemmar endre

Medlemmar dei fyrste åra endre

Gitar

  • Aleksandr Bykadorov (Александр Быкадоров) — grunnleggjar av gruppa[6].

Kontrabass

  • Andrej Varketin (Андрей Варкентин) (1992—1997)
  • Andrej Khabonen (Андрей Хабонен) (1997—1998)

Blåseinstrument

  • Dmitrij Djomin (Дмитрий Дёмин) (1992—2002)
  • Kirill Titkov (Кирилл Титков) (2002—2002)

Vokal

  • Arto Rinne (Арто Ринне) (1994—2002)
  • Jana Lebedeva (Яна Лебедева) (2005—2006)
  • Leo Sevets (Лео Севец) (1992−2005)

Fele

  • Jelena Samsonovitsj (Елена Самсонович) (1992—1993)
  • Zjanna Kudrjavtseva (Жанна Кудрявцева) (1993—1995)

Bratsj

  • Marija Frolova (Мария Фролова) (1992—1993)

Siste medlemmar endre

  • Andrej Khabonen (Андрей Хабонен) — vokal, gitar
  • Tatjana Umnjakova (Татьяна Умнякова) — fele
  • Andrej Lukin (Андрей Лукин) — trommar
  • Roman Jersjikhin (Роман Ершихин) — bassgitar
  • Andrej Brazevitsj (Андрей Бразевич) — trekkspel
  • Sergej Klevenskij (Сергей Клевенский) — messinginstrument
  • Sergej Zobnev (Сергей Зобнев) — gruppeleiar
  • Sergej Iltsjenko (Сергей Ильченко) — lydteknikar

Diskografi endre

  • «From St. Petersburg with double bass» (kassett, 1993)
  • «Eta Pravda» (1997)
  • «In the Light of the White Night» (1999)
  • «A Voi Voi! Karelian Fever» (2000)
  • «Десятая весна: Live in Petrozavodsk 30.03.2002» (2002)
  • «Saaren Synty» (2003)
  • «Metsolan Kuningas» (2005)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre