Not Now John

song av Pink Floyd
Not Now John
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Final Cut
B-side

«The Hero's Return (Parts 1 and 2)»

Språk engelsk
Utgjeve 1983
Innspelt juli–desember 1982
Sjanger Hardrock
Progressiv rock
Lengd 5:02 (album) / 4:12 (singel)
Selskap Harvest Records (UK)
Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Roger Waters, James Guthrie og Michael Kamen
Pink Floyd-kronologi 
«When the Tigers Broke Free»
(1982)
Not Now John «Learning to Fly»
(1987)


«Not Now John» er ein song av Pink Floyd frå 1983 og albumet The Final Cut.[1][2] Songen er den einaste songen på albumet sungen av David Gilmour, i tillegg til Roger Waters, som syng resten av songane. Songen vart korta ned og gjeven ut på singel, der ordet «fuck» vart sensurert. Dette var den einaste singelen frå albumet.

Tyding endre

Teksten, skriven av Roger Waters, omhandlar krig (særleg Falklandskrigen) og kritikk av statsminister Margaret Thatcher, i tillegg til generell kritikk av grådigheit og korrupsjon, som Waters meinte var ein fare for samfunnet. Han syner òg det bestikkelege og ufruktbare arbeidet i Amerika, Europa og Japan i etterkrigstida. Teksten fortel hovudsakleg om endringar i global handel og at ein ny leiar dukkar opp i forbruksvareindustrien, Japan.

«John» i tittelen referer ikkje til ein spesifikk person, men vert meir nytta på same vis som «mate» eller «pal».

Video endre

Musikkvideoen for songen syner eit japansk barn som går gjennom ein fabrikk på leit etter ein soldat. Barnet vert møtt av fabrikkarbeidarar som speler kort og geishajenter før han fell død om frå eit stillas og vert funnen av ein krigsveteran frå andre verdskrigen (spelt av Alex McAvoy, som òg spelte læraren i Pink Floyd The Wall).

Komposisjon endre

I motsetnad til dei andre songane på The Final Cut er «Not Now John» ein livleg song med eit drivande tempo. Gilmour og Waters deler vokalen, på liknande vis som på «Comfortably Numb» på The Wall og dei representerer forskjellige «roller» eller synspunkt - Gilmour er den sjølvtente uvitande lekmannen, medan Waters er den intellektuelle, ansvarlege observatøren av ulukkene i verda.[3] Water syng derimot versa knytt til rolla til Gilmour mot slutten av songen.

Singel endre

«Not Now John» vart gjeven ut på singel den 3. mai 1983. Setninga «fuck all that», som vert gjenteken fleire gonger gjennom songen, vart byta ut med «stuff all that».

«The Hero's Return» vart gjeven ut som B-side og inneheldt eit ekstra vers som ikkje er på albumversjonen. Ein 12"-utgåve vart òg gjeven ut i Storbritannia, med dei to spora frå singelen på side ein og albumversjonen av «Not Now John» på side 2. Singelen nådde 30. plass i Storbritannia og 7. plass den amerikanske Top Tracks rocklista.

Medverkande endre

Pink Floyd
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 978-1-84195-551-3. 
  2. Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd - The Music and the Mystery. London: Omnibus. ISBN 9781849383707. 
  3. Not Now John, Pink Floyd, Allmusic.