Ola Borten Moe

norsk politikar

Ola Borten Moe (fødd 6. juni 1976 i Trondheim) er ein norsk gardbrukar og politikar og tidlegare nestleiar i Senterpartiet. Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var han forskings‑ og høgare utdanningsminister i Regjeringa Støre.[1]

Ola Borten Moe

Fødd6. juni 1976 (47 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde, forretningsdrivande
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
EktefelleAnna Ceselie Brustad Moe
Alle verv

Moe er utdanna agronom og har statsvitskap og historie mellomfag frå NTNU.

Politisk karriere endre

Moe vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 2005, etter å ha vore vararepresentant i perioden 2001–2005. Han var lokalpolitikar i Trondheim og medlem av Trondheim bystyre frå 1995 til 2007, og kommunalråd i Trondheim 1993–1996. Han var nestleiar for Kyrkje- og kulturkomiteen i Trondheim 1995–1999, og leiar for Oppvekstutvalet 1999–2003.

Moe var medlem av Senterpartiets programkomite forut for stortingsvalet 2005, og har ei særleg interesse for distrikts- og næringspolitikk. Frå haustsesjonen 2007 overtok han leiinga av Stortingets næringskomité etter at partifellen Lars Peder Brekk vart parlamentarisk leiar og trådde til i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Den 4. mars 2011 tok han over som olje- og energiminister etter Terje Riis-Johansen.

Moe melde avgang som forskings- og høgare utdanningsminister den 21. juli 2023 etter alvorlege feil knytte til habilitet. Han trekte seg følgjeleg også som nestleiar i Senterpartiet.[2][3] Sandra Borch tok over som forskings- og høgare utdanningsminister etter Moe den 4. august 2023.

Stortingskomitear endre

Familie endre

Moe er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten.[4] Han er gift med tidlegare stortingsrepresentant Anna Ceselie Brustad, som han gifta seg med i 2008.[5]

Kjelder endre

  1. «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  2. Berit Helle Jonsbråten; Kjersti Gulbrandsen Lien; Helle Fjelldalen & Emma-Marie B. Whittaker. «Ola Borten Moe går av som statsråd». NRK. Henta 4. august 2023. 
  3. Tord Magnus Dyrkorn mfl. «Ola Borten Moe (Sp) går av som statsråd og Sp-nestleder» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 4. august 2023. 
  4. Løset, Kjetil (4. mars 2011). «Ola Borten Moe går i bestefars fotspor». TV 2 Nyhetene. Henta 11. mai 2013. 
  5. Kasper Frøjd (10. april 2018). «Ola Borten Moe hardt ut mot Trine Skei Grande i sex-saken». TV2. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ola Borten Moe