Perlesukker er eit produkt laga av raffinert kvitt sukker. Sukkeret er grovt, hardt, ugjennomsiktig kvitt og smeltar ikkje ved temperaturar ein vanlegvis nyttar ved baking. Produktet er som oftast framstilt ved å knusa klossar av kvitt sukker, som så blir sikta[1] for å samla brotstykke med ein viss diameter. Det kan også lagast ved å koka sukkeret ekstra lenge slik at det dannar store sukkerkrystallar.[2]

Svensk kanelbolle med knust perlesukker
Italiensk påskekake, Colomba di Pasqua, med utpressa perlesukker

I Norden blir perlesukker (svensk pärlsocker; finsk raesokeri, «haglsukker») brukt til å dekorera ulike typar bakverk og konfekt, som kaker, småkaker,[3] muffins[4] og bollar som skillingsbollar. I Tyskland blir perlesukker (tysk Hagelzucker, «haglsukker») tradisjonelt brukt på julesmåkaker og kanelbollar. I Belgia, blir sukkeret brukt i Liège-vaflar, mens det blir brukt i sûkerbôle (frisisk for «sukkerbrød») i Friesland.[5] I Frankrike nyttar ein det til chouquettes, ein type choux-bakverk.

Kjelder endre

  1. «Svensk Perlesukker», www.dansukker.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2023 
  2. «Perlesukker», www.dansukker.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2023 
  3. «Mrs. Claus' Cookbook - Swedish Pepparkakor». Henta 4. februar 2021. 
  4. «Goda bananmuffins med pärlsocker». 1. august 2012. Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 4. februar 2021. 
  5. «Sûkerbôlle / Suikerbrood – Frisian Sugar Bread». applepiepatispate.com. Arkivert frå originalen 7. juli 2011.