For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Friesland (fleirtyding).

Friesland (eller Frisland, vestfrisisk Fryslân, nordfrisisk Fraschlönj) er eit område langs kysten av Vadehavet, meir presist avgrensa som det området som har frisisk som daglegspråk. Friesland er også namnet på ein provins i Nederland.

Kart over utbreiinga av det frisiske språket (utan Nordstrand, Pellworm (utdøydd) og Rømø (dansk språk)

I dag utgjer ikkje det frisiske språkområdet ei samanhengende eining. Med Det interfrisiske rådet oppretta frisarane i 1999 eit organ som kunne ta vare på frisiske kulturelle og språklege interesser på tvers av nasjonalgrensene.

Namnet endre

Det frisiske namnet på Friesland har vore "Fryslân", medan den nederlandske skrivemåten "Friesland" har vore ei delvis tilpassing til frisisk frå skrivemåten "Vriesland" (som er i samsvar med det ortografiske systemet i nederlandsk). Sidan 1. januar 1997 har så det offisielle namnet òg på nederlandsk vore "Fryslân". I november 2004 bestemte innanriksdepartementet i Nederland at skrivemåten "Fryslân" skal nyttast i offisielle dokument. Når skrivemåten "Friesland" vert nytta i norsk, og ikkje t.d. "Frisland", er det på grunn av at Norsk språkråd tidlegare har gjort vedtak om det, ut frå det som har vore den nederlandske skrivemåten.

Historie endre

Romerske historikarar som Plinius og Tacitus fortel før vår tidsrekning om eit folk som vart kalla frisarar, og at dei budde i området "Friisi" som strekte seg frå Rhin-deltaet til elva Emden i Tyskland. Frå 678 kjenner vi til ein frisisk konge, Aldgillis. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel om eit frisisk rike. Frå 1200-talet har vi ein del tekstar skrivne på frisisk. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande området rakk i mellomalderen, det vert stundom tala om kystområdet frå Brügge i Belgia til elva Weser i Nord-Tyskland.

I seinmellomalderen snevra det frisiske riket inn. I 1289 vart styringa av det frisiske området i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske området ifrå. Det området som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Fram til 1500-talet markerte frisarane seg då òg i fleire samanhengar, i handel, sjøfart og vitskap. Den 26. september 1345 slo frisarane jamvel hollandske inntrengjarar i slaget ved Warns. Minnet om slaget vart feira fram til 1500-talet og på 1800- og 1900-talet teke opp at den frisiske rørsla.

På 1500-talet rakna òg det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og så gjennom Utrecht-unionen (1579). Provinsen Friesland fekk visse autonome rettar under unionen, men den politiske styringa vart flytta ut, det kom inn nederlandsspråklege embetsmenn, og handelen vart meir kontrollert av hollendarar.

På 1500-talet vart handelskontakten med hollendarar meir intensivert, og Friesland vart ført inn i pengeøkonomien gjennom modernisering og spesialisering innanfor jordbruket og fiske. Eit anna aspekt var at Friesland var prega av småe landsbyar, og ikkje hadde noko sterkt økonomisk, politisk og kulturelt sentrum. Det var med på å gjere Friesland politisk veikare. Økonomisk var derimot perioden 1500–1700 ei framgangstid for folk i provinsen. Sidan Friesland hadde svak jordbruksadel og effektivt jordbruk, hadde den frisiske bonden relativt gode vilkår samanlikna med bønder elles i Europa.

Under den bataviske republikken frå 1795 til 1806 vart gamle styringsinstitusjonar rivne ned. Etter omdanninga av Nederland til kongeriket Holland i 1806 og seinare, i 1810, då Napoleon gjorde Nederland til del av Frankrike, fekk det frisiske aristokratiet tilbake gamle privilegium. Men då hadde fleire i Friesland teke til å diskutere spørsmål om sjølvstende, og det var ein grunn til at Napoleon stengde det einaste universitetet i Friesland, i Frentsjer (nederlandsk Franeker). Nasjonalismen som voks fram på denne tida var nederlandsk, men det voks likevel fram ei interesse for frisisk som del av det nederlandske.

Sidan 1814 har Friesland vore ein nederlandsk provins.

Utover på 1800-talet voks interessa for frisisk språk og kultur fram, fyrst som eit akademisk fenomen, bl.a. av Everwinus Wassenbergh, Montanus de Haan Hettema og brørne Joast, Eeltsje og Tsjalling Hiddes Halbertsma. Det voks òg fram institusjonar som arbeidde for frisisk. I 1827 kom "Friesch Genootschap van Geschied-, Oudheid- en Talkunde, medan i 1844 kom "Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse"; den sistnemnde institusjonen kan i stor grad jamførast med Det Norske Samlaget i Noreg. På slutten av 1800-talet skjedde det og ei kopling mellom den frisiske rørsla og arbeidarrørsla, særleg gjennom Pieter Jelles Troelstra.

Fram til andre verdskrigen var det den frisiske rørsla som stod for det meste av arbeidet for frisisk språk, sjølvstende og kultur. Etter andre verdskrigen har dei frisiske provinssstyresmaktene spela ei viktig rolle. Også Fryske Akademy har spela ei rolle for frisisk språk og kultur. Ein har likevel ikkje oppnådd omfattande territoriell autonomi i Friesland, og heller ikkje fått sterke språkrettar for frisisk, men så har ein heller ikkje hatt den sterke politiske mobiliseringa som i andre europeiske regionar med minoritetsspråk, t.d. i Catalonia og i Baskarland.

Karakter endre

Friesland er eit utprega jordbruksland med åkerlandskap og marker. Ei kurase, frisisk ku, og hesterase, frisisk hest, kjem frå provinsen. I tillegg til jordbruk har turisme vorte ei viktig inntektskjelde.

For nordmenn er Friesland kjent som sentrum for skøytesporten i Nederland.

Kjelder endre

  • Nederlandsk wikipedia
  • Aschehougs Verdenshistorie
  • Brunstad, Endre. 1995. Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færøysk målreising. Oslo: Noregs forskingsråd.
  • Gorter, Durk mfl. (red.). 1994. Taal yn Fryslân. Ljouwert: Fryske Akademy.
  • Schaaf, Sjoerd van der. 1977. Skiednis fand de Fryske Bewegung. Ljouwert: De Tille.