Perry Opsahl

norsk sjømann og krigsdeltakar

Perry Kaspar Opsahl (17. januar 191422. mai 1984) var ein norsk sjømann og krigsdeltakar frå Ålesund. Han er mest kjend for redningsinnsatsen under forliset til DS «Trym» i januar 1937. Under andre verdskrigen tenestegjorde han i Sjøforsvaret sin MTB-flotilje på Shetland.

Perry Opsahl
Fødd17. januar 1914
FødestadÅlesund kommune
Død22. mai 1984
DødsstadÅlesund kommune
EiningSjøforsvaret
Konfliktarandre verdskrigen

Perry Opsahl er ein av dei mest dekorerte personane i Noreg.

Trymforliset endre

Perry Opsahl mønstra på lasteskipet DS «Trym» i Ålesund 14. januar 1937. Det var då på veg til Middlesbrough med kis frå Kirkenes. Etter få dagar kom skipet i havsnaud i orkan i Nordsjøen. Passasjerskipet «Venus» sende ein livbåt mot «Trym» for å prøve å redde mannskapet. Vind og stor sjø gjorde at dei ikkje kom nær nok. Perry Opsahl melde seg då frivillig til å prøve å symje over til livbåten. Med ei line under armane hoppa han over bord. Det tok han 20 minutt å symje dei omlag 30 meterane til livbåten, der han vart teken om bord. Ved hjelp av lina frå «Trym» til livbåten greidde fem til av mannskapet å kome seg over.

Dei 13 som var att om bord på «Trym» vart redda ved at «Venus» manøvrerte så nær «Trym» at dei klarte å skyte over ei line.

Redninga av mannskapet på «Trym» den 20. januar fekk stor mediaomtale, både i Noreg og andre land. Perry Opsahl vart ein svært kjend person.[1]

Krigsinnsats endre

Ved krigsutbrotet 9. april 1940 var sjømannen Perry Opsahl om bord i eit skip på veg til Australia. Då han i november kom til England melde han seg for det norske sjøforsvaret. Etter kontakt og hjelp frå mellom andre Martin Linge, kom han i februar 1942 med i den nyetablerte 30 (N) MTB-flotiljen på Shetland, som var under Sjøforsvarets Overkommando. Denne avdelinga hadde base i Lerwick, i motsetnad til Shetlandsgjengen, som hadde base i Scalloway.

Opsahl tenestegjorde lenge som rormann på MTB 626. Rormannen, som tok ordre direkte frå skipssjefen, hadde som fremste oppgåve å handtere roret. Dette var svært krevjande, ansvarsfullt og farleg når båten var i kamp. Rormannen måtte styre i alle situasjonar, og kunne ikkje søkje dekning. MTB-ane opererte på norskekysten, og kom ofte i kamp med okkupasjonsstyrkane.

I alt var Opsahl med på 41 tokt over Nordsjøen. Mellom anna var han med på med på angrepet på Stordø kisgruver, og henting av Shetlands-Larsen med mannskapet frå «Bergholm».

Frå mars 1945 tenestegjorde Opsahl som kvartermeister om bord i HNoMS «King Haakon VII» i ekskorteteneste på austkysten av USA. På fredsdagen var dei på verkstad i Florida. Han kom til Kristiansand på dette skipet 26.juni 1945.

Frå august 1945 til 1.juli 1946 var Perry Opsahl skipsjef på fartøy overtekne frå tyskarane. Dei dreiv minerydding og leiting etter sakna og omkomne soldatar. I april 1946 var han med på å grave opp leivningane etter Martin Linge som fall under Måløy-raidet 27. desember 1941. Perry sa sjølv at dette var den hendinga undr krigen som gjekk mest inn på han.

1. juli 1946 dimitterte han frå marinen.

Heimkomen til Ålesund etter krigen vart han hamneassistent, seinare hamnebetjent, i Ålesund hamnevesen.

Heider endre

Perry Opsahl fekk mange utmerkingar for mot og offervilje.

Trym-forliset

For innsatsen under «Trym»-forliset vart han tildelt tre utmerkingar:

Krigsinnsatsen

Han vart tildelt fleire norske og britiske utmerkingar for innsats under 2. verdskrigen:[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Børre Kenneth Thorsen: Perry Kaspar Opsahl – På liv og død i fred og krig. Ålesund Museum – Skrift nr. 32 ISBN: 978-82-90151-12-1

Bakgrunnsstoff endre