Poet laureate, 'laurbærkransa lyrikar', er ei form for hoffpoet eller diktargasje, ei æresnemning for ein lyrikar som er blitt offisielt vald ut av styresmaktene og er ofte venta å dikta poesi til offisielle høve.

Avbilding av Torquato Tasso med laurbærkrans frå eit tysk oppslagsverk frå 1905.

I England har omgrepet blitt brukt i fleire hundreår som tittelen til den offisielle poeten til monarken, som blei utpeika for livet sidan styret til kong Karl II. Seinare er det blitt oppretta poet laureate-postar for ulike land og område, og for visse grupper, som barn og ungdom.

Opphavet til omgrepet endre

Laurbærblad blei i Hellas i antikken ofra til Apollon, og blei burkte til å knyta ei krone eller ein krans av blada for heltar og poetar, og denne bruken blei spreidd til seinare tider. Ordet laureate ('laurbær') fekk tydinga «eminent» eller «ypperleg», og på engelsk er det assosiert med heider og ære. «Laureate letters» ('laurbærkransa brev') blei ei tid sende for å annonsera ein siger. Omgrepet laureate var òg assosiert med oppnådd akademiske gradar av europeiske universitet. Omgrepet «baccalaureate» for universitetsgrada bachelor er utleidd frå dette.

I mellomalderen blei blei poet laureate løna ved europeiske universitet som ei kongeleg grad i retorikk. Omgrepet kan òg visa til nokon som har denne grada som omfattar kunnskapar i retorikk, grammatikk og språk. Grada kan vera ein akademisk ekvivalent til dagens moderne tittel doktorgrad i poesi.

Ifølgje historikaren Edward Gibbon tok den romerske diktaren Francesco Petrarca (1304–1374) tittelen poet laureate i 1341. Dei engelske kongane i mellomalderen hadde versemakarar og trubadurar i følgjet sitt slik norske kongar hadde hirdskaldar, og gav støtte til diktarar som Geoffrey Chaucer og Edmund Spenser. Akademiske institusjonar har æra nokre slike folk med ei grad som poet laureate.

Historisk endre

Frå ein meir generell bruk av omgrepet «poet laureate» blei det etterkvart framheva og løfta opp i England som ein løna posisjon der poeten var tilknytt det kongelege hushaldet. Det var kong Jakob I av England som hovudsakleg skapte posisjonen slik han fungerer i dag for Ben Jonson i 1617, sjølv om utnemninga av Jonson ikkje synest å ha vore formelt skrive ned. Posisjonen var ei utvikling av praksisen i tidlegare tider der versemakarar og trubadurar danna ein del av følgjet til kongen. Kong Rikard Coeur de Lion (Løvehjerte) hadde ein Versificator Regis ('Kongens skald'), Gulielmus Peregrinus, og kong Henrik III av England hadde ein versifikator (versemakar) kalla Meister Henry. På 1400-talet skildra John Kay, som også var versemakar, seg sjølv som «audmjuk poet laureate». Monarken viste støtta si på mange måtar: Chaucer blei gjeven ein pensjon og ein gallon (4,5 liter) med vin dagleg for resten av livet av kong Edvard III, og Spenser fekk òg eit årleg underhald av dronning Elisabet I av England.

Henrik I skal ha betalt 10 shilling årleg til ein Versificator Regis. Geoffrey Chaucer fekk i 1389 ei årleg tildeling av vin som seinare blei gjort om til pengar. Chaucer, Gower, Kay, Andrew Bernard, Skelton, Robert Whittington, Richard Edwards, Spenser og Samuel Daniel har derfor blitt karakteriserte som «frivillige» poet laureatear.

John Skelton studerte ved University of Oxford tidleg på 1480-talet, og blei forfremma til grada «poet laureate» i 1488. Tittelen blei òg bekrefta for han av Universitetet i Louvain i 1492 og ved University of Cambridge i 1492–1493. Han blei snart kjend for retoriske, satiriske og omsette skrifter. I 1488 blei han medlem av hoffet til Henrik VII, underviste Henrik VIII og var den offisielle kongelege poeten i det meste av dei neste ti åra. Han blei høgt verdsett.

Tittelen poet laureate vart først bekrefta ved dokument for John Dryden i 1670, to år etter at William Davenant var død. Posisjonen vart deretter ein institusjon. Etterfølgjaren til Dryden, Thomas Shadwell, forfatta årlege fødselsdags- og nyttårsode. Poet laureate fekk tradisjonelt ansvaret for å skriva og presentera offisiell poesi for å minnast spesielle høve, både personlege som fødselsdagen til monarken og kongelege fødselsdagar og ekteskap, og offentlege som kroningar og militære sigrar. Aktiviteten til poeten på dette området varierte etter omstenda, og sedvanen opphøyrde å bli obligatorisk etter at Henry James Pye døydde i 1813. Posisjonen mista noko prestisje før Robert Southey, men fekk ein ny glans frå det personlege ryet hans og tilsvarande for William Wordsworth og Alfred Tennyson.

Liste over Poet Laureate-ar endre

Mellomalderen

Tudortida

  • Bernard Andre av Toulouse (1450–1522), forfattaren av Vita regis Henrici Septimi, kalla seg sjølv for poet laureate under Henrik VII
  • John Skelton var poet laureate under Henry VIII
  • Edmund Spenser, døydde i 1599

Stuarttida

Etter at Spenser døydde blei stillinga løna meir regelmessig. Etter at poeten var vald heldt han posisjonen for resten av livet. Han mottok eit årleg underhald og blei venta å skriva poesi for formelle høve.

Utpeika ved kongelege brev

Poet Laureate i andre land endre

Andre land har sett i verk tilsvarande offisielle posisjonar til den britiske poeten laureate.

  • I Skottland er tittelen Scots Makar den ubetalte ekvivalente posisjonen for ein poet laureate som representerer og fremmar poesi i Skottland. Den 16. februar 2004 blei professor Edwin Morgan æra med tittelen.
  • Wales har ein lang tradisjon med poetar og skaldar under kongeleg vern frå mellomalderen av, men den første nasjonale poeten i nyare tid er Gwyneth Lewis, som blei innvigd ved Hay Literature Festival i april 2005. Arts Council of Wales overrekte henne eit legat på 5 000 pund for posisjonen.
  • I Polen blei poetar utpeika som poet laureate av pavane: Klemens Janicki (1540) og Maciej Kazimierz Sarbiewski (1623).
  • I Canada er den kanadiske parlamentariske poeten laureate utpeika som ein offiser av biblioteket i parlamentet. Kandidatar må skriva på anten engelsk eller fransk, ha ei omfattande liste utgjevingar, også poesi, visa litterær dugleik og verka deira må reflektera Canada, i tillegg til andre kriterium.

Kjelder endre