Rare av David Bowie

Rare
Samlealbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1982
Innspelt 1969-1980
Sjanger Rock
Lengd 42:02
Selskap RCA
David Bowie-kronologi 
Baal
(1982)
Rare Let's Dance
(1983)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
Changestwobowie
(1981)
Rare Golden Years
(1983)


Rare (ofte kalla Bowie Rare) er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på RCA Records i desember 1982. Forholdet mellom Bowie og plateselskapet var dårleg på denne tida. Bowie hadde nettopp spelt inn den siste musikken sin for RCA Records med Baal EP, og vart fornærma då dei gav ut ein fem år gammal duett med Bing CrosbyPeace on Earth/Little Drummer Boy») som singel utan at han vart spurt først. Bowie informerte RCA om at han var misnøgd med Rare, og kom til å signere for EMI Records for det neste albumet sitt. Alle songane på Rare vart gjevne ut for første gongen på LP og kassett.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[2]

Samlinga inneheld sjeldne innspelingar mellom 1969 og 1980. RCA gav ikkje ut Rare i USA, og det kom heller ikkje ut på CD, slik mange av dei andre RCA-albuma vart i 1984.

Albumet låg 11 veker inne på UK Album Chart og nådde 34. plassen på lista.

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ragazzo solo, ragazza sola» (ein italiensk-språkleg versjon av «Space Oddity», gjeve ut på singel i Italia seint i 1969/tidleg i 1970)Bowie, Mogol5:02
2.«Round and Round» (Ein versjon av Chuck Berry-songen «Around and Around», spelt inn under Ziggy Stardust-innspelinga og gjeven ut som B-side til singelen «Drive-In Saturday»)Chuck Berry2:41
3.«Amsterdam» (Ein cover av ein Jacques Brel-song, spelt inn under Ziggy Stardust-innspelinga og gjeven ut som B-sida til singelen «Sorrow»)Jacques Brel, Mort Shuman3:25
4.«Holy Holy» (Ein nyare versjon av Bowie sin singel frå 1970, spelt inn under Ziggy Stardust-innspelinga, og gjeven ut som B-side til singelen «Diamond Dogs») 2:15
5.«Panic in Detroit» (Konsertopptak frå same konserten som David Live, og gjeven ut som B-side til singelen «Knock on Wood») 5:49
6.«Young Americans» (Amerikansk singelutgåve) 3:11
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Velvet Goldmine» (Spelt inn under Ziggy Stardust-innspelinga, og gjeven ut som B-side til 1975-utgåva av «Space Oddity») 3:08
8.«“Heroes”/Helden» (Ein versjon av «Heroes» med engelsk og tekst tekst, gjeven ut på singel i Vest-Tyskland i 1977)Bowie, Brian Eno, Antonia Maass6:07
9.«John, I'm Only Dancing (Again)» (Singelutgåve) 3:26
10.«Moon of Alabama» (Spelt inn 1978, gjeven ut på singel i 1980)Bertolt Brecht, Kurt Weill3:51
11.«Crystal Japan» (Spelt inn 1979 for ein japansk reklame og gjeven ut på singel i Japan i 1980. Sidan B-side til «Up the Hill Backwards» i 1981.) 3:07

Salslister endre

Liste (1983) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[3] 27
Tyske album (Offizielle Top 100)[4] 13
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[5] 10
Norske album (VG-lista)[6] 11
Svenske album (Sverigetopplistan)[7] 5
UK Album Chart 34[8]

Kjelder endre

  1. http://www.allmusic.com/album/r31309
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. "David Bowie – Rare". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  4. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Rare" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  5. "David Bowie – Rare". Charts.org.nz. Hung Medien.
  6. "David Bowie – Rare". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  7. "David Bowie – Rare". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  8. «UK Top 40 Hit Database». Henta 27. juli 2008.