Slaget ved Fraustadt

Slaget ved Fraustadt vart utkjempa den 13. februar 1706 mellom Sverige og Sachsen-Polen og deira russiske allierte nær Fraustadt (dagens Wschowa) i Polen. Under slaget ved Fraustadt var August II berre om lag 120 km unna med ein kavaleristyrke på 8000 mann. Dette var ein av hovudgrunnane til at den svenske generalen Rehnskiöld var rask med å gå til åtak på Schulenburg. Slaget er eit døme på ein knipetongmanøver utført med godt resultat og var ein av dei største sigrane til Sverige under den store nordiske krigen.

Slaget ved Fraustadt
Del av den store nordiske krigen

Dato 13. februar 1706
Stad Fraustadt, dagens Polen
Resultat Avgjerande svensk siger
Partar
 Sverige  Sachsen
 Russland
Det polsk-litauiske samveldet
Kommandantar
Carl Gustaf Rehnskiöld Johann Matthias von der Schulenburg
Styrkar
3700 infanteristar
5,700 kavaleristar,
ingen artilleri

Total: 9400 mann

15&nsbp;300 infanteristar (9 000 saksarar, 6 300 russarar),
4 000 kavaleristar (saksarar),
32 større kanonar og 50 mindre bombekastarar med kring 700 mann[1]

Total: 20 000 mann

Tap
Kring 400 drepne,
1 000 skadde[2]

Totale tap: 1400 mann

7 377 drepne,
7 300–7 900 fanga[3]

Totale tap: kring 15 000 mann

Den store nordiske krigen

Oppmarsjering endre

Den saksiske armeen hadde ikkje vore forsiktig då dei valde stillinga si. Schulenburg hadde manøvrert til ei stilling som svenskane hadde sett seg ut. Rehnskiöld trekte styrkane sine frå Schlawa til Fraustadt. Rehnskiöld skriv i journalen sin: «Så resolverade jag att draga mig till Fraustadt tillbaka i den tanken att locka till mig fienden efter mig utur sin fördel, inbillandes honom att jag ville alldeles draga mig av»)

Saksarane, som hadde langt fleire infanteristar, men færre kavaleristar enn svenskane, sette opp ei sterk forsvarsstilling bar linjene av piggtrådkrossar med artilleri i mellom. I to linjer, med kavaleriet på begge flankane, mellom landsbyane Geyersdorf og Röhrsdorf og føre byen Fraustadt, mellom tilfryste innsjøar og myrer mot den saksisk-russiske armeen, hadde Rehnskiöld plassert infanteri i midten i tre kolonnar og kavaleriet sitt på begge flankane.[4]

Den første samanstøyten til kavaleriet endre

På venstreflanken hadde det svenske kavaleriet under Hummerhielm trøbbel med å passere gjennom ei frosen myr, men det saksiske kavaleriet nytta ikkje denne fordelen. Etter å ha samla seg på ny, gjekk svenskane til åtak på dei saksiske Garde du Corps- og Chevaliers Garde-regimenta tre gonger, og utsletta dei heilt. Oberst von Krassow, kommandanten til det svenske kavaleriet på høgreflanken, passerte på utsida av den venstre russiske flanken med 12 dragonskvadronar, nær landsbyen Rörsdorf, og støytte saman med det saksiske kavaleriet som dekte den russiske flanken. Etter å ha sett at den saksiske høgreflanken vart utsletta, flykta venstreflanken og vart òg utsletta av dei svenske dragonane. Kavaleriet til oberst von Krassow vendte så med klokka mot den saksisk-russiske bakenden, som fekk fleire saksiske regiment til å bryte formasjonen.

Det svenske infanteriet endre

På den saksiske venstreflanken, mot infanteriet til Rhenskiöld, hadde russarane sett seg opp med uniformene på vranga for å skjule at dei var av dårlegare kvalitet (saksarane hadde raude uniformer, medan russarane hadde grøne uniformer med raud innvendig kleding). Det svenske infanteriet gjekk til frontalåtak på den saksisk-russiske linja under kraftig kanon- og musketteld. Då dei oppdaga at venstreflanken til fienden vart halde av den langt større russiske styrken, retta Rhenskiöld infanteriet sitt mot stillinga deira, som òg var under åtak bakfrå av kavaleriet til oberst von Krassow, Det russiske infanteriet vart raskt omringa og spreidd.

 
Carl Gustaf Rehnskiöld, utpeikt til feltmarskalk og greve etter sigeren i Fraustadt
 
Johann Matthias von der Schulenburg i 1741, målt av Gian Antonio Guardi

Saksarane og russarane overgjer seg endre

Den saksiske senteret var utsett på både flanken og bakfrå, og regimenta gav etter og braut formasjonen under press langs venstreflanken. Den saksiske høgreflanken heldt i starten stand, og fekk påført det svenske infanteriet noko skade før kavaleriet i den frosne myra gjekk til åtak bakfrå. Den saksisk-russiske armeen fall saman og hovudstyrken flykta sørover gjennom Fraustadt. Det svenske kavaleriet, som tidlegare hadde sete fast i myra, sprang om kapp med dei over det opne terrenget og møtte dei flyktande saksarane og russarane i utkanten av byen. Fanga av det svenske kavaleriet i front og infanteriet bakfrå, overgav heile den saksisk-russiske styrken seg.

Tap endre

Til slutt vart 7600 saksarar tekne til fange og over 7000 hadde mista livet i slaget. Schulenburg klarte å rømme. Svenskane mista 400 mann, mellom dei kommandanten til Kronobergs regemente oberst Gabriel Lilliehöök, og fekk 760 skadde.

Analyse endre

Den svenske suksessen i slaget kom hovudsakleg av at Rehnskiöld effektivt hadde nøytralisert det saksiske infanteriet, som hadde langt fleire mann i starten av slaget, medan det svenske kavaleriet samstundes under Hummerhielm og von Krassow klarte å utføre ein knipetongmanøver. Schulenburg gjorde òg to store feil. Først vart han lurt inn i terreng som ikkje var til fordel for han, og så underestimerte han mobiliteten til det svenske kavaleriet, særleg på flankane. Det er ikkje kjend frå dei personlege journalane til Rehnskiöld om han meinte å gjere ein dobbel knipetangmanøver i utgangspunktet. Slaget ved Fraustadt er eit av dei mest klassiske doble knipetongmanøvera i militærhistoria. Det er truleg at Rehnskiöld hadde studert Slaget ved Cannae 216 f.kr., men det er uvisst om han meinte å kopiere denne.

Etterverknad endre

Dei fanga russarane vart i følgje enkelte historikarar avretta etter ordre frå Rehnskiöld, men det er omstridd om han var involvert i dette eller ikkje.[5] Forfattarane siterer i tillegg oberstløytnant Nils Gyllenstierna frå Norra Skånska kavaleriregiment om lagnaden til det russiske infanteriet «på några 100 när massakrerat, emedan vi inte i begynnelsen kunde giva kvarter, eftersom vår vänstra flygel ännu stod i full eld» («alle bortsett frå nokre få hundre vart massakrerte, fordi vi i byrjinga ikkje kunne gje dei forlegning, sidan venstre flanken vår framleis var under fullt åtak.»)

Vegen til Sachsen var no open for kong Karl XII av Sverige. Kong August II av Polen gav opp kravet sitt om den polske krona, men vart verande kurfyrste Fredrik August I av Sachsen. Han tok seinare attende den polske trona i 1709. Fangane som svenskane tok under slaget som var tyskarar, franskmenn og sveitsarar, vart teken opp i den svenske armeen. Dei saksiske fangane vart frakta til Sverige, der dei danna eit regiment og tre bataljonar. Dette regiment slo godt frå seg i slaget ved Helsingborg i 1710.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. september 2010, henta 9. desember 2010 
  2. Sjöström, Oskar (2008). Fraustadt 1706. Ett fält färgat rött (på svensk). Lund: Historiska Media. s. 246. ISBN 978-91-85507-90-0. 
  3. Sjöström, Oskar (2008). Fraustadt 1706. Ett fält färgat rött (på svensk). Lund: Historiska Media. s. 245. ISBN 978-91-85507-90-0. 
  4. http://home.golden.net/~ksharman/gnw/Frau-Bat.html
  5. Svenska Slagfält, 2003, (Walhlström & Widstrand) ISBN 91-46-21087-3