Solgud eller solguddom er ein heilagdom som representerte sola, eller aspekt av sola, som liv, lys eller styrke. Ein kan finna døme på solguddommar og soldyrking i dei fleste kulturar og mytologiane deira. Sola representerte den høgaste kosmiske krafta, den altsjåande guden og hans makt, kosmos, hjarte, verdas auge, den tradisjonelle forskjellen mellom det synlege og usynlege, den ytre og den indre sola.[1]

Trundholmsvogna frå nordisk bronsealder. er truleg ein skulptur som illustrerer sola.

Solguddommar i verdskulturane endre

 
Statue av Hathor frå det gamle Egypt
 
Sola med venger var eit oldtidssymbol for den egyptiske solguden Horus, sidan identifisert med Ra.
 
Monument tilknytt den romerske Sol Invictus

I fleire ulike religionar er solguddommen den øvste guddommen som med ulike namn er knytt til ulike aspekt i dei forskjellige kulturane.

Det neolittiske konseptet av ein solbåt, ei sol som seglar over himmelen i eit skip, kan ein finna i seinare mytar frå det gamle Egypt med gudane Ra og Horus. Tidlegare egyptiske mytar innebar at sola er inne i løvinna, Sekhmet, om natta og er reflektert i auga hennar, eller at ho er innanfor kua, Hathor, i løpet av natta, og blir gjenfødd kvar morgon som sonen hennar, oksen. Urindoeuropeisk religion hadde førestillingar om solvogna, der sola dreg over himmelen i vogn. Arkeologiske funn frå nordisk bronsealder, som helleristingar og Trundholmvogna, har gitt tilstrekkeleg med bevis for at sola er blitt sett på som ein livgjevande guddommeleg skikkelse av bronsealdermenneske, og at sola ganske sannsynleg mottok ei form for tilbeding. Kombinasjonen av solsymbol med skip i religiøs praksis som eksisterte frå og med den nordiske bronsealderen fortsette truleg inn i mellomalderen. Desse religiøse førestillingane synest å ha blitt avleidde frå religiøs praksis som var knytt til ein fruktbarheitsreligion med guddommar som Njord eller Frøy, og ikkje nødvendigvis til ei personifisert sol.[2]

I romersk tid blei det halde ein festival til ære for fødselen til den uovervunne sola (Dies Natalis Solis Invicti) i samband med vintersolverv — «gjenfødinga» til sola om vinteren. I germansk eller norrøn mytologi fanst gudinna Sól, i vedisk guden Surya, gresk Helios (tidvis referert til som ein titan), og tidvis som Apollon. Mesopotamiske Shamash spelte ei viktig rolle under bronsealderen, og «sola mi» var ein tittel ein nytta for å adressera den kongelege. Tilsvarande hadde søramerikanske kulturar ei sterk soldyrking, sjå Inti. I slavisk mytologi er sola guden for eld og varme.

Sidan ein finn solguder i andre mytologiar og forhistoriske religionar er det blitt føreslått at norrøne Sól, som ei personifisert gudinne, kan representera ei utviding av tidlegare ureuropeiske guddommar grunna lingvistisk samband mellom norrøne Sól, germanske Sunna, sanskrit Surya, galliske Sulis, litauiske Saulė og slaviske Solnitse.[3][4]

Seint i romartida fekk dyrkinga av sola auka tyding og førte til sist til det som er blitt karakterisert som «solmonoteisme». Bortimot alle gudane i perioden hadde solkvalitetar. Festen Sol Invictus den 25. desember blei feira med stor fryd, og til sist blei denne datoen bevisst overtatt av kristne som «kristmesse» og i Norden jul, som ei feiring av Jesu fødselsdag.[5]

Hinduisme endre

Surya endre

 
Surya.

Adityaene er dei viktigaste guddommane i den klassiske vediske hinduismen som tilhøyrde gruppa av solguder. Desse er ei gruppe solguddommer som frå brahmana-perioden var tolv i talet. I vedaene er det talrike hymne som er stila til Mithra, Varuna, Savitr og så vidare.

Sjølv Gayatri Mantra, som er sett på som ein av dei heilagste av dei vediske hymnene, er dedikerte til Savitr, ein av dei fremste adityaene. Ritualet sandhyavandanam, utført av hinduar, er eit omstendeleg og innvikla sett av hand- og kroppsrørsler som er utførte for å helsa og akta sola.

Solguden i hinduismen er ein gammal og akta guddom. I seinare hinduisme mista alle dei vediske adityaene identiteten sin og smelta saman til ein samansett guddom, Surya, sola. Attributta til alle dei andre adityaene blei slått saman til dei til Surya, og namna til alle dei andre adityaene blei synonyme med eller ein epitet til Surya.

Det gamle hindueposet Ramayana framstiller Rama som ein etterkommar av Surya, og hans tilhøyrde såleis til Suryavansha, eller ætta til sola. Mahabharata, eit anna viktig epos på sanskrit, beskreiv Karna, ein av krigarheltane sine, som son av Kunti og Surya. Solguden skal etter det som blir sagt ha gifta seg med gudinna Ranaadeh, også kjend som Sanjnya. Ho er beskriven i ei dualistisk form, både som sollyset og som skuggen personifisert. Denne gudinna er særleg akta i dei indiske områda Gujarat og Rajasthan.

Solguden reiser over himmelen i ei vogn trekt av sju hestar (som dei sju dagane i veka). Vognkøyraren til Suryas er Aruna, som også er personifisert som den raude gløden som følgjer sollyset i soloppgang og solnedgang.[6]

I byen Konark i den indiske delstaten Orissa er det eit tempel dedikert til Surya. Dette tempelet er blitt erklært som ein del av Verdsarven av UNESCO. Surya er den meste prominente av navagrahaene, eller dei ni himmelobjekta til hinduane, og ein kan finna navagrahaer i bortimot alle hindutempel. Det er andre tempel som er dedikerte til Surya; eit i Arasavilli i distriktet Srikakulam i AndhraPradesh, eit i Gujarat og eit anna i Rajasthan. Tempelet i Arasavilli blei konstruert på ein slik måte at på dagen til radhasaptami fell strålane til sola direkte på føtene til Sri Suryanarayana Swami, guddommen i tempelet.

Chhath er ein festival med røter i oldtida som er dedikert til Surya. Denne festen blir òg feira i dei nordaustlege regionane av India. Det blir sunge hymner til sola frå vedaene, dei eldste heilage tekstane i hinduismen. Dyrkinga av sola, slik ho er blitt praktisert i ulike regionar av India, er skildra i Rigveda. Gurjarere, ein kshatriya- eller krigarkaste i India som var knytt til suryavansha, var soldyrkarar. Dei er skildra som hengjevne til solguden sine føter. Emblema deira er av sola og ein finn tilsvarande motiv på segla deira.[7]

Det gamle Egypt endre

 
Farao Akhnaton og familien hans dyrkar Aton. Nummer to frå venstre eir Meritaten, dotter hans.
 
Isis, som ber soldisken og horna, ammar vesle Horus.

Soldyrking var særs rådande i dei gamle egyptiske religiøse førestillingane. Dei tidlegaste guddommane assosierte med sola var Wadjet, Sekhmet, Hathor, Nut, Bast, Bat og Menhit. Først Hathor, og deretter Isis, fødde og amma Horus og Ra. Hathor den horna er ei av dei tolv døtrene til Ra og amma til Horus.

Rørsla til sola over himmelen representerte ein kamp mellom sjelen til faraos og den guddommelege inkarnasjonen av Osiris. Ra drog over himmelen i solbåten sin, ved daggry dreiv han vekk mørkedemonen Apep. Tilknytinga til sola for fleire lokale gudar (Hnum-Re, Min-Re, Amon-Re) nådde høgdepunktet sitt i løpet av det femte dynastiet.

Rituala for guden Amun, som blei identifisert med solguden Ra, blei ofte utført på pylon på toppen av tempelet. Pylonet eller opphenget spegla hieroglyfen for «horisont» eller akhet, som var ei avbilding av to fjell «der imellom sola steig og dalte», assosiert med gjenskaping og gjenføding.[8] På det første opphenget til tempelet til Isis og Philae er farao framstilt medan han drep fiendane sine i nærvær av Isis, Horus og Hathor.

I det attande dynastiet endra farao Akhnaton den polyteistiske religionen i Egypt til ein monoteistisk, atonismen, som hadde ein soldisk som symbol og er den fyrste nedteikna statsmonoteismen. Alle andre guddommar blei erstatta av Aton, mellom dei Amun-Ra, den regjerande solguden i Akhenaten sitt eige område. I motsetnad til andre guddommar hadde Aton ikkje talrike former. Det einaste bildet hans var ein disk, symbolet på sola.

Atonismen varte likevel berre ei kort stund. Kort tid etter at Akhnaton død blei dyrkinga av dei tradisjonelle guddommane etablert på nytt av dei religiøse leiarane.

Kinesisk mytologi endre

I kinesisk mytologi (kosmologi) var det opphavleg ti soler på himmelen som alle var brør. På eit tidspunkt, på kommando av Jadekeisaren, blei dei slått saman til ei einaste sol. Før dette skjedde var dei alle svært unge og var svært skøyaraktige. Ein gong vedtok dei å dra opp i himmelen for å leika, men då blei verda for varm til at noko kunne veksa og spira. Ein helt, Hou Yi, skaut ned ni av brørne med bogen sin for å redda folket på jorda. Han er framleis akta og æra for heltegjerningen sin.

I ein annan myte oppstod det solformørking på grunn av ein magisk himmelhund som beit av ein bit av sola. Denne hendinga som stadig blei referert til skal ha skjedd ein gong rundt 2 160 f.Kr. Det var ein tradisjon i Kina å laga store mengder støy under ei solformørking for å skremma bort denne himmelhunden.

Solguddommen i kinesisk mytologi er Ri Gong Tai Yang Xing Jun (Tai Yang Gong, 'bestefar Sol') eller Stjerneherren av Solpalasset, herre av sola. I ein del mytologiar er Tai Yang Xing Jun antatt å vera Hou Yi. Tai Yang Xing Jun er vanlegvis framstilt biletmessig som Stjerneherre av Månepalasset, herre av månen, Yue Gong Tai Yin Xing Jun (Tai Yin Niang Niang, 'fru Tai Yin').

Buddhisme endre

I buddhistisk kosmologi er bodhisattvaen for sola kjend som Ri Gong Ri Guang Pu Sa (Den skinnande sol-bodhisattvaen av solpalasset) / Ri Gong Ri Guang Tian Zi (Den skinnande solprinsen av solpalasset) / Ri Gong Ri Guang Zun Tian Pu Sa (Den store akta skinnande solprinsen av solpalasset / ein av 20 eller 24 vaktande devaer (guddommar).

sanskrit er Han kjend som Suryaprabha. Han er vanlegvis avbilda med Yue Gong Yue Guang Pu Sa (Den skinnande måne-bodhisattva av månepalasset) / Yue Gong Yue Guang Tian Zi (Den skinnande måneprinsen av månepalasset) / Yue Gong Yue Guang Zun Tian Pu Sa (Den store akta skinnande måneprinsen av månepalasset / ein av 20 eller 24 vaktande devaer) eller kjent som Candraprabha på sanskrit. Saman med Yao Shi Fo / Bhaisajyaguru Buddha (legekunstens Buddha), skapte desse to bodhisattvaene Dong Fang San Sheng eller Austens Tre Hellige Salvier.

Afrika endre

Den afrikanske stammen munshi i vestlege Afrika rekna sola som ein son av det høgaste vesenet Awondo, og månen er dottera til Awondo. Baritsestammen i Zambia hadde ei førestillinga om at sola var blitt folkesett av himmelguden Nyambi og at månen var kona hans. Sjølv der solguden er likestilt med det høgaste vesenet har han eller ho i fleire afrikanske mytologiar ingen spesielle funksjonar eller privilegium samanlikna med andre guddommar.

Aztekisk mytologi endre

 
Tonatiuh slik solguden er avbilda i Codex Telleriano-Remensis.

I aztekisk mytologi var Tonatiuh (nahuatl Ollin Tonatiuh i tydinga «rørsla til sola») solguden. Aztekarar rekna han som leiar av Tollan, himmelen. Han var kjend som den femte sola, sidan aztekarar trudde at han var sola som tok over når den fjerde sola var forvist frå himmelen. I følgje aztekisk kosmologi var kvar sol ein gud med sin eigen kosmiske periode. I den aztekiske trua var dei framleis i Tonatiuh sin periode. Den aztekiske skapingsmyta sa at guden kravde menneskeoffer som tributt, og utan dette ville guden nekta å røra seg over himmelen. Det er blitt sagt at 20 000 menneske blei ofra kvart år til Tonatiuh og andre gudar, men dette veldige talet går ein ut frå er blitt overdrive av anten aztekarar, som ønskte å skapa frykt hjå fiendane sine, eller av kristne spanjolar, som ønskte å demonisere heidenske innfødde.

Aztekarar var fascinerte av himmelen og observerte han nøye. Di hadde ein solkalender som berre var mindre nøyaktig enn den som mayaene hadde utvikla.[9] Mange av dagens gjenverande aztekiske monument har strukturar som er regulerte i forhold til sola.

I kalenderen til aztekarane er Tonatiuh herre i 13 dagar frå 1. død til 13. flint. Dei førre 13 dagane blei styrte over av Chalchiuhtlicue, og dei følgjande 13 dagane av Tlaloc.[10]

Indonesisk mytologi endre

Den same vekslingsprosessen finn ein òg i Indonesia. Solgudene har eit sterkare nærvær i indonesisk religiøst liv og mytar. I nokre tilfelle er sola æra som ein «far» eller «grunnleggar» av stammen. Dette kan visa til heile stammen eller berre for den kongelege familien. Denne praksisen finn ein blant urbefolkninga i Australia og på øya Timor, der stammeleiarar er sett på som direkte etterkommarar av solguden.[11]

Ein del innviingsriter omfattar ein andre reinkarnasjon av subjektet til riten som ein «son av sola» via ein symbolsk død og gjenføding i form av ei sol. Desse rituala gje eit peik om at sola kan ha ei viktig rolle i sfæren rundt førestillingar om død og gravlegging. Ved å studera reisa til sola over himmelen kan ein i nokre samfunn ha grunnlagt ein tanke om solguddommen som stig ned til underverda utan å døy og deretter er i stand til å komma tilbake etterpå. Dette er grunnane til at sola er blitt assosiert med funksjonar som leier for dei døde i stammen på vegen til dødsriket eller underverda, og eventuelt tilbakevendinga deira. Sola er ein meklar mellom dei ulike planane av dei levande og dei døde.

Symbol for sola endre

Solskip endre

 
Ra i sitt solskip.

Ei vanleg førestilling om sola som går igjen i dei fleste kulturar er den mytologiske representasjonen av sola som seglar over himmelen i ein båt eller reiser i ei vogn. Khufuskipet, eit 43,6 meter lang skip som blei funne forsegla i ei hole i Pyramidekomplekset ved Giza ved foten av Kheopspyramiden ein gong rundt 2500 f.Kr., er eit bevart døme i full storleik av kva som har oppfylt den symbolske funksjonen av solbåt.[12]

Det er òg blitt funne andre solbåter frå andre egyptiske dynasti.[13]

 
Helleristingar som avbildar langskip frå bronsealderen, funne i Bardal i Steinkjer, 64°N.

Helleristingar frå steinalderen i Europa er blitt tolka som solbåter. For 3000 år sidan laga kystfolket som budde i det området som ein gang skulle bli til Østfold i Noreg rike helleristingar. Desse biletfortelljngeane frå nordisk bronsealder, mellom anna på Hornes, har mellom anna blitt tolka som førestillingar «om de hellige tvillingene som stjeler kveg blant stjernene på kveldshimmelen, om hester som kan fly med sola på slep over himmelhvelvingen om dagen, og om skip som følges av en slange under horisonten om natten».[14][15][16] Ein har funne endå rikare helleristningar ved Tanumshede i det tidlegare norske området Båhuslen i dagens Sverige. Blant dei figurane som er funne, framstilt over tid mellom 1800 og 600 f.Kr., finn ein slangar, skålgroper, skip og solsymbol.

Himmeldisken frå Nebra er ein kring 30 cm brei bronsedisk, patinert blågrøn og dekorert med symbol av gull. Symbola er tolka som sola (eller fullmånen), ein halvmåne og stjerner på himmelen. Disken stammar frå ein arkeologisk funnstad i nærleiken av Nebra i Sachsen-Anhalt i Tyskland, og er datert til kring 1600 f.Kr. Han blir rekna som ein kulturgjenstand frå Úněticekulturen i bronsealderen. Sjølv om dette funnet ikkje nødvendigvis kan knyttast direkte til ein solgud fortel han noko om at tidlege menneske var opptatte av å observera himmelen og stjernehimmelen, og at rørslene til sola verker ha vore viktige for dei.

Solvogn endre

 
Helios i si solvogn. Måleri frå 1680 av Johann Baptist Zimmermann.

Ei solvogn er ein mytologisk representasjon av sola som reiser i vogn trekt av hestar. Konseptet er yngre enn solskipet, og er typisk indoeuropeisk, tilsvarer den indoeuropeiske ekspansjonen etter at vogna var vorte oppfunne ein gang på 2000-talet f.Kr. Blant dei døma som finst er:

Mannleg og kvinneleg endre

 
Krigarguden Sekhmet, framstilt med ein soldisk og kobrakrone.

Solguder er ofte tenkt på som mannlege motpartar til måneguddommar, vanlegvis kvinnelege, men ein finn òg solgudinner para opp mot ein mannleg månegud funne på kvart einaste kontinent. Blant dei tidlegaste nedteikningane av trusførestillingar bar dei tidlege gudinnene i den egyptiske gudeverda i oldtida ei sol over hovuda sine som eit symbol på verdigheita si (som døtrer av Ra). Sola var eit betydeleg aspekt av egyptiske symbol og hieroglyfar, alle måneguddommar frå denne gudeverda var mannlege. Kobraen (av farao son av Ra), løvinna (dotter av Ra), kua (dotter av Ra), det dominerande symbolet til dei fleste av oldtidens egyptiske guddommar, bar forholdet deira til sola over hovuda sine; dei var kvinnelege og kultane deira blei verande aktive gjennom heile historia til denne kulturen, før «villfaringa» blei fjerna og den gamle gudeverda etablert på nytt. Då mannlege guddommar blei assosierte med sola i denne kulturen, byrja dei som avkom av ei mor (bortsett frå Ra, kongen til gudane som fødde seg sjølv).

I germansk mytologi og tilsvarande norrøn mytologi er sola kvinneleg og månen mannleg. Det korresponderande angelsaksiske namnet er Siȝel, fortsetjing av urgermanske *Sôwilô eller *Saewelô. Gammelhøytyske gudinne er Sunna, og i dei norrøne tradisjonane reid Sól kvar dag over himmelen i vogna si, trekt av to hestar kalla Arvak og Alsvid. Dette ordet har gitt namn til søndag.

Den manglande sola endre

 
Den japanske solgudinna Amaterasu dukkar opp frå ei grotte og fører sollyset tilbake til universet.

Den manglande sola er eit tema som går igjen i mange kulturar, ofte i samanheng med fangenskap, landflyktigheit eller død. Den manglande sola er ofte knytt til ulike forklaringar om forskjellige naturfenomen, mellom anna at sola forsvinn om natta, kortare dagar om vinteren, og solformørkingar.

Andre forteljingar er tilsvarande, til dømes den sumeriske forteljinga om gudinna Inanna si nedstiging til underverda. Dette kan ha vore parallelle tema, men passar ikkje inn i dette motivet om dei ikkje er solguddommer. I sein egyptisk mytologi passerte Ra gjennom Duat (underverda) kvar einaste natt. Apep var blitt overvunnen i dei mørke timane for Ra og solskipet hans stod opp i aust kvar morgon.

 
Ulvane jagar den norrøne solgudinna.

I japansk mytologi blir solgudinna Amaterasu forskrekka av oppførsla til broren sin Susanoo, og skjuler seg i ei grotte. Verda hamnar i mørke fram til ho er villig å komma ut av grotta.

I norrøn gudelære har både Odin og Ty attributt som himmelfedrar, og dei er dømde til bli fortærte av ulvar, høvesvis Fenresulven og Garm, ved Ragnarok. Sól, den norrøne solgudinna, vil bli slukt av ulven Skoll.

Kjelder endre

  1. Cooper, J.C.: Symboler, en uppslagsbok, Forum, Helsingborg 1978, ss. 178
  2. Simek, Rudolf (oversatt av Angela Hall, 2007): Dictionary of Northern Mythology. Boydell & Brewer. ISBN 0859915131: ss. 297
  3. Lind, Idar (2005): Norrøn mytologi frå A til Å. Side 188
  4. Mallory, J.P. (1989): In Search of the Indo-Europeans: Language, Archaeology and Myth. Thames & Hudson. ISBN 0500276161: ss. 129
  5. 1908 Catholic Encyclopedia: Christmas: Natalis Invicti
  6. Jansen, Eva Rudy (1993): The Book of Hindu Imagery: Gods, Manifestations and Their Meaning, Binkey Kok Publications, s. 65.
  7. Lālatā Prasāda Pāṇḍeya (1971): Sun-worship in ancient India. Motilal Banarasidass. s. 245.
  8. Wilkinson, op. cit., s.195
  9. The Classic Maya Calendar and Day Numbering System
  10. Introduction to the Aztec Calendar
  11. Indonesian Myth
  12. Siliotti, Alberto, Hawass, Zahi (1997): Guide to the Pyramids of Egypt, s. 54-55
  13. «Egypt solar boats»
  14. En eldgammel drøm om evige fortellinger
  15. Hornes: Solskip på reise Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine. (PDF)
  16. Boyle, Andrew J. (2008): Solskip og stjerneguder, forlaget Opphav, Fredrikstad, ISBN 978-82-997845-0-4
  17. «Helios». Theoi.com.
  18. «Helios & Phaethon». Thanasis.com.
  19. «ProbusCoin». 1. januar 2000. Henta 5. august 2016. 

Bakgrunnsstoff endre