Verdscupen i skihopping 1993

Verdscupen i skihopping 1993 omfatta 17 tevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn 5. desember 1992 i Falun i Sverige og vart avslutta i storbakken i Planica i Slovenia den 28. mars 1993. Dei 21 tevlingane fordelte seg på 2 i normalbakkar, 13 i storbakkar og 2 i skiflygingsbakkar. Hopprenna under Ski-VM 1993 i Falun talde ikkje med i verdscupen.

20 år gamle Andreas Goldberger frå Austerrike vann den store FIS-premien. Han sigra i 2-to av dei 19 enkelttevlingane. Japanske Noriaki Kasai og norske Espen Bredesen vann kvar sine 3-tre hopprenn og tok flest enkeltsigrar av alle. Austerrike var klart best av landslaga, med Japan på andreplass og Noreg på tredjeplass.

Individuelt endre

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Andreas Goldberger   Austerrike 206 2
2 Jaroslav Sakala   Tsjekkoslovakia 185 2
3 Noriaki Kasai   Japan 172 3
4 Werner Rathmayr   Austerrike 171 2
5 Espen Bredesen   Noreg 151 3
6 Christof Duffner   Tyskland 121 1
7 Didier Mollard   Frankrike 114
8 Stefan Horngacher   Austerrike 78
9 Werner Haim   Austerrike 71
10 Bjørn Myrbakken   Noreg 63
11 Jens Weißflog   Tyskland 61
12 Steve Delaup   Frankrike 59
13 Martin Höllwarth   Austerrike 55 1
14 Lasse Ottesen   Noreg 55
15 Vesa Hakala   Finland 47
16 Masahiko Harada   Japan 46
17 Jiří Parma   Tsjekkoslovakia 45
18 Ivan Lunardi   Italia 40 1
19 Heinz Kuttin   Austerrike 39
20 Akira Higashi   Japan 37 1
21 Franci Petek   Slovenia 34
22 Urban Franc   Slovenia 33
23 Ernst Vettori   Austerrike 30
24 Takanobu Okabe   Japan 29
25 Matjaž Zupan   Slovenia 28

Kjelder endre