«Nella Dan»
«Nella Dan» var ein dansk isbrytar som vart nytta i teneste for Australia i Antarktis og vart nesten synonym med ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions).
MV «Nella Dan» ved Mawson iskant, Antarktis | |
Karriere (Danmark) | |
---|---|
Namn: | «Nella Dan» |
Eigar: | J Lauritzen Lines |
Verft: | Aalborg Vaerft |
Sjøsett: | 1961 |
Lagnad: | Forliste 1987 |
Generelle mål | |
Klasse og type: | Isbrytar |
Lengd: | 75,5 m |
Breidd: | 14,3 m |
Draft: | 6,268 m |
Fart: | 12,5 knop |
Rekkevidd: | 16 000 nm |
Kapasitet: | 42 passasjerar |
Teneste
endreSkipet vart bestilt av Lauritzen med mange ønske frå Australian Antarctic Division. Skipet vart kalla opp etter Nel Law, kona til direktøren i AAD, Phillip Law.[1]
Det vart bygt av Aarlborg Værft i 1961 og vart utrusta på same vis som systerskipa «Thala Dan», «Kista Dan» og «Magga Dan». Det var ein isbrytar utstyr med isfinner kring propellen og iskniv, men det hadde i tillegg dobbeltskrog i maskinrommet og delar av lasterommet. Ein kunne nå utkikkstønna via ein stige inne i masta. Då skipet vart bygt vart det rekna for å setje standarden for polarfartøy.[1]
«Nella Dan» segla til Antarktis kvart år med ANARE frå 1962 til 1987, og det er dermed det skipet som har vore lengst i antarktis teneste.[1]
«Nella Dan» fraus fast i isen i 1985 og låg fast i sju veker før dei kom seg laus. Skipet forliste den 3. desember 1987 under eit uvêr ved Macquarie Island. Skipet gjekk på grunn berre nokre meter frå øya.[2] Det var så pass hardt skadt at det vart drege til havs og søkkt den 24. desember 1987.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nella Dan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Magga Dan» på Australian Antarctic Division Arkivert 2013-05-15 ved Wayback Machine.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Nella Dan 1962-1987». Australian Antarctic Division. Arkivert frå originalen 30. september 2009. Henta 26. november 2012.
- ↑ AJ (December 1987). Nella Dan runs aground at Macquarie Island (Newsletter). ANARE News (Ceased 1996). Australian National Antarctic Research Expeditions.