Phillip Law
Phillip Garth Law AC, CBE, FAA (21. april 1912–28. februar 2010) var ein australsk forskar og oppdagar som leia Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) frå 1949 til 1966.
Phillip Law | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 21. april 1912 Delstaten Victoria |
Død |
28. februar 2010 (97 år) |
Yrke | oppdagar, fysikar, regissør |
Språk | engelsk |
Medlem av | Australian Academy of Science |
Ektefelle | Nel Law |
Han var mange somrar i Antarktis, første gong i 1947-1948, som øvste forskingsoffiser i ANARE. Han vart raskt leiaren av ekspedisjonane og under leiinga hans vart stasjonane Mawson, Davis og Casey oppretta, og han leia ekspedisjonar som utforska meir enn 5000 km av kystlinja og kring 1 000 000 km² av landområda.[1]
Etter at han trekte seg som leiaren for ANARE vart han styreformann i Australian National Committee on Antarctic Research frå 1966 til 1980.
Publikasjonar
endreLaw publiserte fleire artiklar om det vitskaplege arbeidet sitt i Royal Geographical Society sin Geographical Journal, mellom andre:
- 1954 – Australian Antarctic Expedition to Mac-Robertson Land 1954. Geographical Journal Vol. 120, Part 4, s. 409–422.
- 1956 – Australian National Antarctic Research Expedition, 1955. Geographical Journal, Vol. 122.
- 1958 – The Antarctic voyage of MV Thala Dan, 1958. Geographical Journal.
- 1958 – Australian coastal exploration in Antarctica. Geographical Journal. Vol 124, Part 2.
- 1960 – New ANARE landings in Australian Antarctic Territory 1960. Geographical Joirnal.
- 1961 – Australian coastal explorations in Antarctica, 1957. Geographical Journal. Vol 127, Part 4.
- 1961 – Australian coastal explorations in Antarctica, 1959. Geographical Journal.
Bøker og hefter som er skrivne av Law er mellom andre:
- 1957 – ANARE: Australia's Antarctic Outposts. (med John Béchervaise). OUP: Melbourne.
- 1962 – Australia and the Antarctic. (John Murtagh Macrossan Memorial Lectures 1960). University of Queensland Press: Brisbane.
- 1964 – Antarctica – 1984. (Sir John Morris Memorial Lecture 1964). Adult Education Board of Tasmania: Hobart
- 1983 – Antarctic Odyssey. Heinemann: Melbourne. ISBN 0-434-40688-0
- 1995 – The Antarctic Voyage of HMAS Wyatt Earp. Allen & Unwin Australia. ISBN 1-86373-803-7
- 1995 – You Have to be Lucky: Antarctic and Other Adventures. Kangaroo Press: Kenthurst. ISBN 0-86417-743-7
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phillip Law» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Law, Peter (12 March 2010). «A great explorer who left Australia's footprint in Antarctica». Obituaries (The Age). Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 12 March 2010.
- Ralston, Kathleen (1993). A Man for Antarctica: The early life of P.G. Law. Melbourne: Hyland House. ISBN 1-875657-13-4.