«Nimrod»
Karriere
Namn: «Nimrod»
Kalla opp etter: Nimrod
Verft: Stephen i Dundee[1]
Verftsnummer: 36
Lagnad: seld 1909; forliste 1919
Generelle mål
Tonnasje: 334 BRT[1]
Framdrift: Segl, hjelpedampmotor
Seglplan: opphavleg skonnert, ombygd som skonnertbark
Fart: 6 knop på damp

«Nimrod» var ekspedisjonsskipet som Ernest Shackleton nytta på Nimrod-ekspedisjonen til Antarktis (1907–1909). Det var ein 41 år gammal skonnert på 334 BRT som hadde blitt brukt som sel- og kvalfangstskute.[2] Shackleton betalte £5 000 for fartøyet og rigga det om til ein skonnertbark. «Nimrod» hadde òg ein dampmaskin som hjelpemotor, men ho gjorde ikkje meir enn seks knop under dampfart.

Skipet var så overlessa med utstyr og forsyningar til ekspedisjonen at det ikkje let seg gjere å bringe med nok kol for å gå frå New Zealand til Antarktis. Shackleton valde derfor å taue skipet til byrjinga av pakkisen med trampbåten «Koonya». Newzealandske styresmakter dekte halvparten av utgiftene i samband med tauinga, resten vart betalt av Sir James Mills, styreformann i Union Steamship Company.

«Nimrod» vart i byrjinga kommandert av Rupert England, men Shackleton var misnøgd med han og erstatta han med Frederick Pryce Evans som hadde vore kaptein på «Koonya».

Etter ekspedisjonen vart skipet selt. Ti år seinare forliste ho i Nordsjøen etter å ha grunnstøytt på Barber Sands utanfor kysten av Norfolk i England 31. januar 1919. Berre to av besetninga på tolv vart berga.[3]

Skipet har gjeve namn til fleire steder i Antarktis, inkludert Nimrodbreen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Search results for "1055047"». Miramar Ship Index. Henta 1. november 2012. 
  2. Paine, Lincoln P. (2000). Ships of Discovery and Exploration. Boston: Houghton Mifflin Harcourt. ISBN 9780395984154. 
  3. Riffenburgh, Beau (2004). «Nimrod»: Ernest Shackleton and the extraordinary story of the 1907-09 British Antarctic Expedition. London: Bloomsbury Publishing PLC. s. 306–307. ISBN 0747572534.