Álvaro Pereira

uruguayansk fotballspelar

Álvaro Daniel Pereira Barragán (fødd 28. november 1985 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar som har spela for São Paulo i den brasilianske fotballigaen på lån frå Inter i italiensk Serie A, og på Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Portugal for Porto i 2011 og 2012 og var med på å vinna Europaligaen med Porto i 2011. Same året var han òg med på å vinna Copa América med Uruguay.

Álvaro Pereira
Personleg informasjon
Fullt namn Álvaro Daniel Pereira Barragán
Fødd 28. november 1985 (39 år)
Fødestad Montevideo i Uruguay
Høgd 185 cm
Posisjon Vingback
Klubbinformasjon
Noverande lag
São Paulo
Nummer 15
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-04
2005-07
2007-08
2008-09
2009-12
2012-
2014-
Uruguay Miramar
Argentina Quilmes
Argentina Argentinos
Flagget til Romania Cluj
Portugal Porto
Italia Inter
Brasil São Paulo (lån)
32 (1)
34 (0)
35 (11)
29 (1)
72 (2)
33 (1)
4 (0)
Landslag
2008- Uruguay Uruguay 56 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2014

Pereira debuterte for Uruguay sitt A-landslag 19. november 2008 i ein vennskapskamp mot Frankrike. Han spelte fast på landslaget på slutten av kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, inkludert dei to avgjerande kvalifiseringskampane mot Costa Rica.