Åge Spydevold

norsk fotballspelar

Åge Spydevold (22. august 19259. mars 1982) var ein norsk fotballspelar frå Sarpsborg som vann to NM-pokalar, 1950 og 1957, og vart fleirfaldig hovudseriemeister med Fredrikstad Fotballklubb. Han deltok i 4 landskampar i tida 1951-59.

Åge Spydevold
Fødd 22. august 1925
Sarpsborg
Død

9. mars 1982 (56 år)

Yrke fotballspelar

Spydevold var venstreback på Fredrikstad FK i ein tiårsperioden frå sist i 1940-åra. Han var med å vinne cupfinalen 1950 og seinare lukkast FFK å sikre seg fleire hovudserietitlar i hans aktive tid. Hausten 1957 vart han norsk meister for andre gong då FFK sigra med 4-0 over Sandefjord Ballklubb i NM-finalen.

Spydevold fekk sin landslagsdebut 6. juni 1951 då Noreg overraskande vann 3-2 over Nederland framfor 65 000 tilskodarar på De Kuip i Rotterdam, der Spydevold sin klubbkamerat i FFK, Henry Johannessen, vart tomålsskårar og matchvinnar. Sidan spelte han ein landskamp hausten 1957 og to hausten 1959, alle tre enda med klare norske tap.

KjelderEndra