Fredrikstad Fotballklubb

Fredrikstad FK vart stifta den 7. april 1903. Klubben spelar i Eliteserien og har eit lag i Norsk Tipping-Ligaen avd. 4. Noverande hovudtrenar er Mikkjal Thomassen.

Fredrikstad Fotballklubb
Fullt namnFredrikstad Fotballklubb
KallenamnAristokratene
Kort namnFFK
Grunnlagd7. april 1903
HeimebaneFredrikstad Stadion
(kapasitet: 12 565 seter[1])
StyreleiarJostein Lunde
HovudtrenarMikkjal Thomassen
SupporterklubbPlankehaugen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Historie endre

Fredrikstad fotballklubb vart stifta i 1903 var fotball ein lite utbreidd idrett i Noreg. Fotball var i mange av dei eldste klubbane eit tillegg til andre etablerte idrettar, som ski eller friidrett.

På grunn av mangel på motstandarar så var denne stiftinga faktisk det tredje forsøket på å etablere ein klubb i Fredrikstad. Rykte vil ha det til at det andre forsøket døydde ut fordi den einaste fotballen dei hadde landa på eit godstog til Moss. Å finne eit lag å spele mot var eit problem då FFK vart stifta.

Tilfeldigheiter ville ha det til at engelskmannen H.W. Kenworthy, som budde i Sarpsborg, ønskte å spele den engelske idretten fotball. Han reiste derfor til Fredrikstad for å delta på treningane til FFK. Då han kom heim til «Sarp» ønskte han å etablere ein klubb der òg. Ideen vart godt motteke i Sarpsborg og Sarpsborg FK vart grunnlagd 8. mai 1903. Den første kampen mellom dei to laga vart spelt året etter føre 600 tilskodarar. FFK vann den historiske kampen 4-0. Sarpsborg og Fredrikstad etablerte den første kretsserien og inspirerte til opprettinga av mange nye klubbar i åra som følgde.

FFK brukte ikkje raude og kvite drakter då klubben vart grunnlagd i 1903. Faktisk endra klubben drakter sju gonger frå 1903 til 1927, då dei endeleg landa på dei draktene som vert nytta i dag. Draktene er basert på fargane til den polske landslagdrakta, som i si tid vart gjeve som ei gåve.[treng kjelde] FFK kopierte fargane og vart ein venskapsklubb med det polske landslaget.[treng kjelde] Dette forholdet er no gått i gløymeboka både i Fredrikstad og i Polen.

FFK spelte den første kampen sin i NM i 1905 mot Porsgrunds Fodboldklub, men vann sin første NM-kamp mot Gjøvik-Lyn i 1908. Resultatet vart 4-2. FFK kom til cupfinalen for første gong i 1932. Semifinalen vart spelt mot Mjøndalen på heimebane framfor eit rekordstort publikum på 9 000 tilskodarar. FFK vann 3-2. I finalen møtte Fredrikstad Ørn Horten og vann heile 6-1. FFK var det tredje laget frå Østfold som vann NM, etter Sarpsborg og Kvik Halden. Cupgullet i 1932 vart starten på den første suksessrike perioden til Fredrikstad, og klubben vann endå fire cuptitlar før andre verdskrigen. FFK vart òg den første klubben som vann den nasjonale serien, i 1937-38, og dei vann «the double» året etter.

FFK stifta Østfold Bandykrets den 27. januar 1935 saman med Gleng Fotballklubb og St. Croix Idrettsforening.[2]

Under den tyske okkupasjonen vart det ikkje spelt organisert fotball sidan alle spelarane streika til støtte for motstandsrørsla. Etter krigen vart fotball meir populært enn nokon gong og Fredrikstad sette nok ein publikumsrekord mot Sarpsborg. Det skjedde i semifinalen i cupen i 1945. Derimot var det lite suksess utpå banen. FFK nådde tre cupfinalar på fire år, men tapte alle. Gjennombrotet kom i 1949, då FFK vann sin tredje ligatittel.

50- og 60-talet var særs suksessrike år for FFK. Klubben tok heim ligagullet seks gonger og sølvet sju gonger. Cupen vart vunne fire gonger. I 1957 ein ny milepåle vart nådd då FFK vann sin andre «the double». Etter å ha vunne ligagullet i 1960 deltok Fredrikstad i europacupen som det første norske laget nokonsinne. FFK vann sensasjonelt 4-3 over Ajax heime. Returkampen i Amsterdam enda 0-0 i første runde.

Byen Fredrikstad hadde ei økonomisk stordomstid i Noreg i førre hundreår. Først som ein stor leverandør av maskinar til skogsindustrien og deretter som eit senter for skipsverftsindustrien. På eit tidspunkt var verftet i Fredrikstad det største i Skandinavia. Det var ei optimistisk stemning blant innbyggjarane i byen, noko det har blitt påstått vart spegla att i den spelande fotballstilen til FFK, av nokon oppfatta som den mest underhaldande fotballen i landet.[treng kjelde] Klubbens første cuptriumf i '32 fekk Jørgen Juve, ei legende i norsk fotball, til å uttale:

"Dette er slik fotball er ment å bli spilt"

Kanskje var det på grunn av atmosfæren at klubben vart så suksessrik og kanskje var det òg derfor nedturen byrja. Etter år med ære og ry starta klubben å bli meir konservativ, sjølv om ingen ville innrømme akkurat det.[treng kjelde] Andre klubbar vart profesjonalisert, medan spelarane i FFK framleis hadde fotballen som ein hobby ved sida av normale jobbar. Treningsregime vart strengare enn tidlegare, men i Fredrikstad følte ein at å trene meir enn to gonger i veka ville øydeleggje moroa ved å spele fotball.

Fredrikstad sleit gjennom heile 1970-talet. Dei nådde cupfinalen i 1971, men tapte for Rosenborg, som no var på god veg til å bli den nye stordomen i norsk fotball. To år seinare, og for første gongen i historia til klubben, rykte FFK ned ein divisjon. I 1975 var dei tilbake i øvste divisjonen, men dei vart der berre to år før neste nedrykk var eit faktum.

FFK vart eit heislag mellom divisjonane heilt fram til 1984. Og sjølv om klubben vann cupen dette året, så vart cupgullet i 1984 starten på ein lang nedtur for Fredrikstad. Med heile ni seriemeisterskap og elleve cupmeisterskap i skapet glimra raudbuksene med sitt fråvær frå toppen av norsk fotball resten av 80-talet og heile 90-talet.

I 2002 rykte FFK opp frå andredivisjon til førstedivisjon og under 100-årsjubileet 2003 rykte klubben opp til eliteserien og tilbake i toppen av norsk fotball. Etter 20 år i «bakgarden» til norsk fotball, og etter to imponerande opprykk på rad, har FFK no igjen etablert seg i toppen av norsk fotball. Med NM-siger i 2006 markerte FFK seg igjen for alvor blant dei aller beste laga i Noreg.

Fredrikstad FK (FFK) kom på åttandeplass under Anders Grönhagen sitt styre. Året før kom FFK òg på åttandeplass, men då under Knut Torbjørn Eggen. I nyare tid står seriesølvet frå 2008 som ein sterk prestasjon. I 2009 rykte laget ned i 1. divisjon etter å ha spelt kvalifisering mot Sarpsborg 08. Laget rykte opp att til Tippeligaen 2011 etter å ha spelt kvalifisering mot Hønefoss FK i november 2010. Fredrikstad rykte igjen ned i Adeccoligaen etter ein 15. plass i Tippeligaen 2012.

endre

I dei første åra endra Fredrikstad drakter ganske ofte. Dei første draktene hadde blå og kvite striper på skjortene og svarte bukser. Men dette vart endra etter berre to år, til kvite skjorter og blå bukser. I 1910, rett før den første semifinalen til FFK i cupen, byrja ein med grøne og kvite drakter.

Den sjuande draktforslaget vart introdusert for Fredrikstad i ein kamp mellom FFK og Polen på Fredrikstad stadion 7. oktober 1926. Fredrikstad ynskte å nytte fargane til det polske landslaget og eit brev vart sendt til det polske fotballforbundet. Fredrikstad FK mottok dette svaret:

«Som svar på breva dykkar datert desember 1926 gleder det oss at den ærerike klubb dykkar ynskjer å nytte våre raudkvite drakter. Som ein følgje av ynsket dykkar sender vi dykk ei kvit trøye og ei raud bukse.»

Det polske fotballforbundet gav sine draktfargar til klubben, og 17. mars 1927 vart det offisielt avgjort av dette òg skulle bli Fredrikstads drakter. Sidan den gongen har draktene endra seg lite bortsett frå sokkane, som gjekk frå å vere raude og kvite til å vere heilkvite i 1997.

Logoen til FFK, ein vimpel med ein fotball og initialane F.F. (den originale forkortinga for Fredrikstad Fotballklubb var F.F.), har vore omtrent uendra sidan han vart introdusert i 1909. Vimpelen var opphavleg grøn og kvit, men då Fredrikstad introduserte dei noverande raude og kvite draktene vart også fargane på vimpelen endra.

Stadion endre

 
Nye Fredrikstad Stadion

Gamle Fredrikstad stadion vart innvigd i 1914 og fekk grasmatte i 1921. Fredrikstad stadion var første stadion i Noreg med flaumlys. Publikumsrekorden vart sett i 1956 i ein kamp mot Larvik Turn. 15 534 tilskodarar møtte opp for å sjå denne kvartfinalen i cupen. Den siste oppgraderinga av stadion vart gjort før 2004-sesongen, med ein påfølgjande publikumskapasitet på 10 500 personar.

Den nye heimebanen vart bygd før 2007-sesongen på gamle Fredrikstad Mekaniske Verkstad, òg kjent som «Værste». Dette var ein gong Skandinavias største skipsverft, og langsidene på nye stadion er bygd inn i dei gamle verkstadshallane, noko som gjev ein heilt unik arkitektur. Verkstadhallane har historie heilt tilbake til 1870, ei historie som no er bygd inn i langsidene på nye Fredrikstad stadion. I tillegg er det bygd to separate tribunar på kortsidene. Det nye stadionet har ein kapasitet på 12 500 tilskodarar.

I mai 2007 vart Fredrikstad Stadion av Dagbladet kåra til det flottaste stadionet i Noreg.[3]

Merittar endre

Seriemeisterskap (9) endre

1937–38, 1938–39, 1948–49, 1950-51, 1951-52, 1953-54, 1956-57, 1959-60, 1960-61.

Cupmeisterskap (11) endre

1932, 1935, 1936, 1938, 1940, 1950, 1957, 1961, 1966, 1984, 2006.

Tidlegare trenarar endre

Spelarprofilar endre

I 1915 vart Gustav Eden første FFK-spelaren som kom på landslaget. Arne Børresen var første FFK-spelar som fekk tildelt Gullklokka for 25 landskampar. Denne fekk han i 1937.

FFK-spelarar som har fått gullklokka (talet på landskampar i parentes):

Æresmedlemmar endre

Arne Pedersen, Fritz Karlsen, Kjell Gustavsen, Roar Johansen, Kjell Andreassen, Asle Arntsen, Frithjof Gjermundsen og Jan Hermansen

Kjelder endre

  1. http://www.worldofstadiums.com/europe/norway/fredrikstad-stadion/
  2. Bakken, Erling (2000). Sarpsborg-idretten gjennom 100 år. Sarpsborg. 
  3. Dette er Norges flotteste stadion (Dagbladet 27-05-2007)

Bakgrunnsstoff endre