Sandefjord Ballklubb

Sandefjord Ballklubb er eit fotballag i Sandefjord i Vestfold, stifta 7. februar 1917. Laget spelar heimekampane på Storstadion i Sandefjord, ei bane som vart opna i 1969. Klubbdrakta består av gule trøyer, svarte bukser og gule strømper. I 2015 spelar Ballklubben på nivå seks i norsk fotballserie.

Sandefjord BK

Fullt namnSandefjord Ballklubb
KallenamnBallklubben, SB, Gule, Sandefjord Ball
Grunnlagd27. februar 1917
HeimebaneStorstadion
Liga4. divisjon fotball for herrar
NettstadHeimeside
Noverande sesong
 
Sandefjord Ballklubbs cupfinalelag 1959

Sandefjord Ballklubb spelte i toppdivisjonen frå 1948 til 1965, i sistnemnde sesong rykte klubben ned frå 1. divisjon utan å ha vunne ein einaste av dei 18 seriekampane, i berre to kampar fekk laget poeng. Ballklubben var på sitt aller beste i slutten av 1950-åra, då laget spelte cupfinale i 1957 og 1959. Begge finalane enda med tap, fyrste gongen 0-4 mot Fredrikstad FK, andre gongen 1-2 mot Viking FK etter ekestraomgangar. I kvartfinalen 1959 mot Larvik Turn var 14 076 tilskodarar på plass på gamle Stadion, gjeldande publikumsrekord for ein fotballkamp i Sandefjord.

I 1998 gav Sandefjord Ballklubb frå seg plassen på nivå tre i seriesystemet til den nystarta fotballklubben Sandefjord Fotball.

Thorbjørn Svenssen, som spelte 104 landskampar for Noreg, er Sandefjord Ballklubb-splaren framom alle andre.

Kjelder

endre