Åheim er ei bygd i Vanylven kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke.

Åheim
stad
Åheim Sankt Jetmund.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg

Åheim
62°2′9″ N 5°31′51″ E
Wikimedia Commons: Åheim

Hjørnesteinsbedrifta er North Cape Minerals AS som driv med utvinning av olivinstein til olivinsand, eldfaste produkt og slaggdannarar.

Åheim har eigen barne og ungdomsskule, Åheim skule, med barn frå kretsene Åheim, Skorge, Gusdal, Slagnes og Sylte. Bygda har óg eigen barnehage.

Olivinhallen ligg på Åheim, og har i løpet av sine første driftsår vore vertskap til kvinnelandslaget i handball og har arrangert fleire kretsmeisterskap i fotball. Hallen er og utstyrt med 60 m² stablescene og 150 m² dansegolv. Dette har blant anna vore brukt til arrangering av dansegalla med over 1000 deltakarar.

I Olivinhallen har Top30 installert ein klatrevegg som er ein kombinasjon av paneltypen Top (belagt kryssfinér) og 3D Real Rock (glassfiber). Veggen har ein total bredde på 12 meter og ein makshøgde på nær 11 meter. Den totale klatreflaten er på 130 m² der 45 m² er gjort med 3D. Installasjonen kan by på ca. 12-13 linjer og er utstyrt med ca. 650 klatregrep. Høgre del av veggen er montert med sylindrisk topptaufeste for å gjere kursing og topptauing så enkelt som mulig.[1]

Sankt Jetmund kyrkje frå 1155 ligg på Åheim.

Riksveg 61 går gjennom Åheim. Riksveg 620 går mellom Åheim og Leikanger i Selje kommune. Fylkesveg 1 i Møre og Romsdal går frå Åheim til Almklov, og Fylkesveg 5 i Møre og Romsdal går frå Åheim til Saltvika.

KjelderEndra

  1. entre-prises.no (2007). «Olivinhallen» (Nynorsk). entre-prises.no. Henta 27.09.2017. 
  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.