Møre og Romsdal fylke

fylke i Noreg

Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke, i sør til Vestland fylke og i nordvest ut mot norskehavet.

Møre og Romsdal fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Vestlandet
Adm.senter Molde
Areal 15 114 km²
 - land 14 614 km²
 - vatn 500 km²
Folketal 268 365 (1. januar 2023)
Folketettleik 18 / km²
Målform Nynorsk
Statsforvaltar Rigmor Brøste
Fylkesordførar Jon Aasen (Ap)
Fylkesnummer 15
Kart
Møre og Romsdal fylke
62°44′15″ N 7°9′30″ E
Wikimedia Commons: Møre og Romsdal
Nettstad: www.mrfylke.no

Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.

Sitjande fylkesmann Lodve Solholm (Frp) gjekk av med pensjon 31. desember 2018, og Else-May Botten (Ap) vart i statsråd 26. oktober 2018 utnemnd som fyrste kvinnelige fylkesmann i Møre og Romsdal. Botten vil tiltre embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021, fram til då er Rigmor Brøste fungerande fylkesmann. Ho vart konstituert til embetet i statsråd 8. februar 2019.

Klima Endra

Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.

Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.

Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.

Samferdsle Endra

Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.

Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.

Media frå Møre og Romsdal Endra

Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Administrasjon Endra

Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmannsdistrikt.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal Arkivert 2008-03-02 ved Wayback Machine..

Kommunar Endra

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[1] Distrikt
1505   Kristiansund Kristiansund 000000000024159.000000000024 159 87 nøytral Nordmøre
1506   Molde Molde 000000000032446.000000000032 446 363 Romsdal
1507   Ålesund Ålesund 000000000067520.000000000067 520 98 nynorsk Sunnmøre
1511   Vanylven Fiskåbygd 000000000003013.00000000003 013 385
1514   Sande Larsnes 000000000002442.00000000002 442 93
1515   Herøy Fosnavåg 000000000008842.00000000008 842 120
1516   Ulstein Ulsteinvik 000000000008797.00000000008 797 97
1517   Hareid Hareid 000000000005159.00000000005 159 82
1520   Ørsta Ørsta 000000000010929.000000000010 929 805
1525   Stranda Stranda 000000000004421.00000000004 421 866
1528   Sykkylven Sykkylven 000000000007630.00000000007 630 338
1531   Sula Langevåg 000000000009636.00000000009 636 59
1532   Giske Valderøya 000000000008692.00000000008 692 40
1535   Vestnes Vestnes 000000000007051.00000000007 051 352 Romsdal
1539   Rauma Åndalsnes 000000000007046.00000000007 046 000000000001502.00000000001 502 nøytral
1547   Aukra Aukra 000000000003654.00000000003 654 59 nynorsk
1554   Averøy Bruhagen 000000000005872.00000000005 872 176 nøytral Nordmøre
1557   Gjemnes Batnfjordsøra 000000000002669.00000000002 669 382
1560   Tingvoll Tingvoll 000000000003031.00000000003 031 337
1563   Sunndal Sunndalsøra 000000000007110.00000000007 110 000000000001713.00000000001 713
1566   Surnadal Skei 000000000005912.00000000005 912 000000000001365.00000000001 365 nynorsk
1573   Smøla Hopen 000000000002158.00000000002 158 282 nøytral
1576   Aure Aure sentrum 000000000003381.00000000003 381 644
1577   Volda Volda 000000000010960.000000000010 960 699 nynorsk Sunnmøre
1578   Fjord Sylte 000000000002494.00000000002 494 1144
1579   Hustadvika Elnesvågen 000000000013341.000000000013 341 608 nøytral Romsdal
15   Møre og
      Romsdal
Molde 000000000268365.0000000000268 365 000000000015144.000000000015 144 nynorsk Møre og
Romsdal

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra