Koordinatar: 63°12′7″N 8°24′49.1″E

Ålmo er ei grend ved botnen av FoldfjordenErtvågsøya i Aure kommune i Møre og Romsdal.

Ho omfattar åtte gardar. Tidlegare var det folkeskule og meieri der, men desse er no nedlagde.

Ålmo har utsikt utover Foldfjorden og kringliggjande fjell som Dalamannen, Bårdsetfjellet, Aresvikfjellet og Tustnafjella. Skogsetvatnet tek til på Ålmo og strekkjer seg til Vågosen.