Foldfjorden skjer seg inn i og deler den ytre delen av Ertvågsøya i Aure kommuneNordmøre i to. Foldfjorden er på to stader så smal at det oppstår tidvasstraumar. Den ytre straumen er sterkast og når han ber på det sterkaste er det berre så nettast at ein kjem seg gjennom med ein 5 hk påhengsmotor på ein færing. Den indre straumen, som ligg mellom Myllåvågjen og Foldvågjen er ikkje sterkare enn at han kan roast. Fjorden utvidar seg i Mellomvågen, som ligg mellom dei to straumane. Follvåjen ligg mellom den indre straumen og eit smalvore sund som vert kalla Kjeftainn. Den indre delen av fjorden er om lag ein km brei. Foldfjorden er om lag sju km lang. med eit største djup på rundt 100 m.

Foldfjorden sett frå Arasvikfjellet. Nærast på biletet ligg den indre delen av Foldfjorden, som er den breiaste og djupaste delen. Kjeftainn ligg der fjorden snører seg saman og rett utom ser ein den indre straumen, med Mellomvågen utanfor. Heilt ytst skimtar ein så vidt den ytre straumen, der det går bru over. I høgre nedre kanten av biletet ser ein den ytre delen av Skogsetvatnet og Ålmo. På vestsida av fjorden (til venstre på biletet) ligg Bårdset og rett over, på austsida, ligg Semundseth. Rett attom varden ser ein Bårsetfjellet.
Foto: Geir Gudvangen.
For fjorden Folda i Nord-Trøndelag, sjå Foldafjorden

Hydrologi endre

Dei to straumane fører til at vatnet i Foldfjorden ikkje er så salt som vanleg sjøvatn, noko som i stor grad påverkar fisk og anna fauna. Dette gjeld særleg den indre delen av fjorden, der det knapt nok veks tang og tare. Torsk som vert fiska i Foldfjorden er ofte mager og høver best som kattmat, medan lyr og sei ofte held bra kvalitet. Det låge saltinnhaldet fører òg til at isen legg seg tidleg på Foldfjorden, særleg om det vert kaldt rett etter at det har vore stor vassføring i elvene.

Samferdsel endre

Fylkesveg 682 går på austsida av fjorden, frå Espset til Ålmo og vidare innover til Vågosen (Aresvik ferjekai), der det er ferje til Hendset. Frå Ålmo går det veg på vestsida av fjorden til Bårdset. Tidlegare gjekk vegen til Bårdset frå Husby, men denne vegen er berre vedlikehalden til Vikan og vegen frå Vikan til Bårdset er ikkje lenger farande med køyretøy. Det er bru over den ytre straumen og Fylkesveg 680 går frå Espset til Sagvågen, Vingsternes og vidare over til Tustna, via Imarsundbrua over Imarsundet. Vegen held fram til Tømmervåg, der det er ferje til Seivika, der vegen held fram til Kristiansund. Andre vegen frå Espset går Fylkesveg 680 til Giset og over Mjosundbrua, Smalsundbrua og Aursundbrua, til Kjelklia på fastlandet. Frå Giset går Fylkesveg 362 inn Mjosundet og til Vågosen.


Sjå òg endre