Åmøyfjorden

Koordinatar: 59°1′27″N 5°43′52″E

Åmøyfjorden er ein liten fjord i Stavanger kommune. Fjorden ligg mellom Åmøy i Rennesøy i nord og Hundvåg i Stavanger i sør. I vest grenser fjorden til Byfjorden, som går vidare sørover på vestsida av Hundvåg til sentrum av Stavanger og nordover til Kvitsøyfjorden. I aust held fjorden fram som Horgefjorden. Ei rekkje holmar og småøyar skil Åmøyfjorden frå Horgefjorden, som Vågholmen, Storholmen, Kuppholmen, Spolen, Klovningen, Odda, Sandøya, Eigerøya, Dei gule skjera og Sauholmen.

Utsikt mot Åmøyfjorden frå Hundvåg.
Foto: Lars Christopher Nøttaasen

Fjorden er om lag 4 km lang og om lag 3 km brei.