Opna hovudmenyen
Hundvåg
Geografi
Norway - Hundvåg.png
Stad Byfjorden
Koordinatar 58°59′57″N 05°43′52″EKoordinatar: 58°59′57″N 05°43′52″E

Areal 4,7 km²

Høgaste punkt Lundehaugen (35 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland

Demografi
Folketal 12 631 (2007)
Folketettleik 1971 /km²

Hundvåg er ei øy og ein bydel er ein del av Stavanger, knytt til fastlandet med bru (Bybrua - opna i 1978) til Storhaug og Stavanger. Hundvåg er 6,41 km² stor, og har 12 631 innbyggjarar (2007). Folketallet har auka med 873 personar sidan år 2000 (7,6 %). Øyahuset er Hundvåg sitt bydelshus. Det ligg i bydelssenteret Hundvågkrossen. På Buøy ligg Rosenberg Verft.

GeografiEndra

Bydelen ligg nord i Stavanger, og består av øya Hundvåg (4,7 km²), Grasholmen, Sølyst (120 dekar), Engøy (0,171 km²), Buøy (675 dekar), Bjørnøy, Roaldsøy (0,252 km²), Ormøy, Steinsøy og nokre mindre øyar, holmar og skjer. Sundet mellom Buøy og Hundvåg er utfylt.

Lundehaugen er det høgaste punktet på Hundvåg og ligg 35 meter over havet. Nest høgast er Drageberget på Austbø (30 moh.). På Buøy finn ein Dalehaugen, som er 31 meter over havet. Buøy fekk vasstank i 1920. Vasstårnet er bygd på øya sitt høgaste punkt. Tårnet er 17,5 meter, og er tre meter i diameter. Det høgaste punktet på på Roaldsøy er 18 meter og på Bjørnøy 17 moh.

HistorieEndra

I 2001 vart spora etter dei aller første busetnadane på Hundvåg avdekte. Buplassane på Austbø er 9 500 år gamle, og er dermed òg av dei eldste i landet. Buplassane låg heilt i strandkanten då dei var i bruk. På den tida stod havet 16 meter høgare enn i dag.

Dei eldste sikre spora etter dei første bøndene på Hundvåg er frå slutten av yngre steinalder, for om lag 4200 år sidan. På Austbø vart det funne forkola korn i ei grop under ei rund steinhelle, C14-datert til å vere 4200 år gamle, og er dermed det hittil eldste kornfunnet i Noreg.

SamferdselEndra

Bybrua har landkjenning på Sølyst. Buøy vart knytt til Engøy og Sølyst med to bruer i perioden 1968 til 1972. Engøybrua over Engøysundet mellom Sølyst og Engøy er 388 meter lang. Pyntesundbrua over Pyntesundet mellom Engøy og Buøy.

Aust for øya Hundvåg går Kallagsundet bru til Bjørnøy. Skadesund bru går vidare frå Bjørnøy til Roaldsøy, som igjen er knytt til Ormøy med ein molo.

Delområde og grunnkretsarEndra

Grensene for delområda i Stavanger følgjer ikkje heilt grensene for bydelane. Hundvåg er inndelt i desse to delområda:

Det er 25 grunnkretsar i bydelen, der ein ligg utanfor delområda over, nemleg Bjørnøy/Roaldsøy/Ormøy/Steinsøy, som ligg i Øyane delområde.

Hundvåg består av to valkretsar: Buøy, og Hundvåg og Roaldsøy.

BydelsutvalEndra

Hundvåg bydelsutval er eit politisk utval som skal vere bindeledd mellom bydelen og byen sine sentrale organ. Det skal ta initiativ i saker som gjeld bydelen og har uttalerett i ei rekkje kommunale saker. Utvalet tildeler òg midlar til det frivillige organisasjonslivet i bydelen.

Utvalet består av 11 medlemmer med varamedlemmer vald av bystyret.

  • Samansetting 2007-2011:

Ap 3, V 1, KrF 1, H 4, FrP 2

    • Leiar: Egil Olsen (H)
    • Nestleiar: Olaug Tveit Pedersen (A)

BakgrunnsstoffEndra