Horgefjorden i Stavanger

Horgefjorden er ein fjord på grensa mellom kommunane Stavanger og Strand. Han er ein sentral fjord og grensar til fleire andre fjordar i området. I vest ligg Åmøyfjorden som går vidare til Byfjorden og sentrum av Stavanger. I nord ligg Hidlefjorden, i aust ligg Idsefjorden, i søraust ligg Høgsfjorden, som går vidare til Frafjorden og Lysefjorden, og i sør ligg Gandsfjorden.

Fjorden er om lag 6 km lang og om lag like brei.

Midt i Horgefjorden ligg øya Horge, som fjorden er kalla opp etter. Av øyar som ligg rundt Horgefjorden finn ein Hidle i nord, Heng i aust, Lindøy og Vassøy i sør og Åmøy i nordvest. Ei rekkje holmar ligg mellom Horgefjorden og Åmøyfjorden. Mellom Horge og Vassøy ligg Vassøyosen som er ein del av fjorden.

Fjorden vert kryssa av ferjesambandet mellom Stavanger og Tau.