Åmotfors
59°45′50.720″N 12°21′33.394″E / 59.76408889°N 12.35927611°E
Åmotfors er ein svensk tettstad i Eda kommun i Värmlands län, i landskapet Värmland. Tettstaden heitte Åmot fram til 1917, då det fekk sitt noverande namn. Åmotfors har 1476 innbyggjarar (2005).
Åmot fekk industri alt på slutten av 1600-talet, då ein masomn blei oppført ved Kroppstadfors. Noreborgs jernverk blei bygd der i 1750-51. I dag finst det ein ammunisjonsfabrikk og papirfabrikk på staden.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Åmotfors» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.