Åndalsnes Avis
Åndalsnes Avis er ei avis som vert utgjeven på Åndalsnes i Møre og Romsdal. Avisa er lokalavis for innbyggarane i Rauma kommune og vart grunnlagt i 1926.
Åndalsnes Avis | |||
| |||
Oppretta | 1926 | ||
---|---|---|---|
Språk | Norsk | ||
Lokalavis for | Rauma | ||
Opplag | 3 571 (2014) | ||
Stad | Åndalsnes | ||
Ansvarleg redaktør | Lars Smisethjell | ||
Nettstad | andalsnes-avis.no |
Ansvarleg redaktør er Lars Smisethjell. Avisa kjem ut tre dagar i veka, tysdag, torsdag og laurdag.
Driftselskapet heiter sidan 1. september 1983 Åndalsnes Avis AS og er 100 % eigd av Romsdals Budstikke AS som igjen er ein del av Polaris Media ASA. Omsetjinga i 2007 var på 10,7 millionar kr.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 4 188
|
2002 | 4 137 |
2003 | 4 092 |
2004 | 4 111 |
2005 | 4 101 |
2006 | 4 125 |
2007 | 4 125 |
2008 | 4 119 |
2009 | 4 035 |
2010 | 3 891 |
2014 | 3 571 |
Redaktørar
endre- Åndalsnes Avis
- 1926-1934 – John Ludvig Larsen var redaktør då Åndalsnes Avis kom med si fyrste utgåve i 1926.
- 1934-1983 – John N. Larsen tok over etter far sin i 1934 og var redaktør fram til 31. august 1983.
- Nye Åndalsnes Avis
- 1983–1993 – Richard Nergaard tok over redaktøransvaret 1. september 1983.
- 1993–2000 – Øystein Talberg
- 2000–2002 – Arnt Øyvind Siem
- 2002–2008 – Per Vidar Kjølmoen
- 2008–i dag – Lars Smisethjell
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.