Åndalsnes Avis AS

Åndalsnes Avis AS er sidan 1. september 1983 driftselskapet til avisa Åndalsnes Avis som vert utgjeven på Åndalsnes i Møre og Romsdal. Avisa er lokalavis for Rauma kommune og vart grunnlagt i 1926.

Det nye selskapet vart etablert 15. juli 1983. Dagleg leiar er Per-Kristian Bratteng.

Åndalsnes Avis AS er 100 % eigd av Romsdals Budstikke AS som igjen er ein del av Polaris Media ASA. Omsetjinga i 2007 var på 10,7 millionar kr.

Organisasjonen oppgjev sjølv at det heiter Nye Åndalsnes Avis AS, men i følgje Brønnøysundregistra heiter selskapet Åndalsnes Avis AS”[1].

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 4 188

2002 4 137
2003 4 092
2004 4 111
2005 4 101
2006 4 125
2007 4 125
2008 4 119
2009 4 035
2010 3 891
2014 3 571

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. http://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=934271084
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.