Åndalsnes Idrettsforening
(Omdirigert frå Åndalsnes IF)
Åndalsnes Idrettsforening, forkorta ÅIF, er ei idrettsforeining frå Åndalsnes i Møre og Romsdal. Foreininga vart stifta 25. mai 1917. Laget har aktivitetar innan både fotball, handball, ski og turn.
Åndalsnes | |||
Fullt namn | Åndalsnes Idrettsforening | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | ÅIF | ||
Grunnlagd | 25. mai 1917 | ||
Heimebane | Øran stadion, Åndalsnes (Kapasitet: Ukjent) | ||
Noreg Svein Frode Heen | |||
Noreg Tore Brandstadmoen | |||
Noreg Johan Høgset | |||
Liga | 3.div avd. 18 | ||
|
Fotball
endreSeniorlaget spelar i 3. divisjon avdeling 18. Laget har heimebane på Øran stadion på Åndalsnes. I mai 2007 vart det lagt kunstgras på Øran og 25. mai var det offisiell opning av bana samstundes som ÅIF feira 90 år. I 1995 hadde ÅIF si beste plassering nokonsinne då laget rykte opp i 1. divisjon avdeling 1, kor dei hamna på 10. plass med 18 poeng. Men året etter var laget nede i 2. divisjon att.
Supporterklubben heiter Gråberget.
Kjente spelarar
endreHistorie
endre- 17. januar 1918: første skirenn arrangert i regi av ÅIF.
- Seinare same år kom friidrett.
- Mai 1927 vart Åndalsnes Turnlag stifta. Laget gjekk inn i ÅIF i 1945.
- Under andre verdskrigen kom handballen og 14. juni 1945 vart handballgruppa tatt opp i ÅIF.
- I 1995 nådde ÅIF si beste plassering til no for fotballaget.