68°43′04″N 15°18′41″E / 68.71778°N 15.31139°E / 68.71778; 15.31139 Ånstadblåheia er eit fjell på Langøya i Sortland kommune i Nordland. Fjellet er 503 moh.

På vestsida av Ånstadblåheia ligg Vesterålen sitt einaste alpinanlegg, opna i 1979. Alpinanlegget fekk snøkanon i 2007. På toppen av heia står fleire radiomaster. Mastene har sendarar for mellom anna lokal radiokommunikasjon, nærradio, mobiltelefoni og internet.

Toppen av Ånstadblåheia er flat og steinete. Frå toppen er det god utsikt til Vik, Jennestad og mot Andøya i nord, Hognfjorden i aust, Sortland og mot Sigerfjord i søraust, Holmstaddalen i vest og Frøskeland og Vikeidet i nordvest. Fjellet er eit landemerke for innbyggjarane i store delar av den nordre delen av Sortland kommune.

Delar av vestsida av Ånstadblåheia er dekt av Sortland Orienteringslags o-kart «Sortlandsmarka». Toppen og delar av nord- og nordvestsida er dekt av kartet «Hornet».