Denne artikkelen handlar om øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Andøya i Antarktis.

Andøya er den tiande største øya i Noreg med eit areal på 489 km². Ho har mellom anna dei største myrareala (263 km²) i landet og er velkjend for sine moltebær. Myrareala vert også utnytta til omfattande produksjon av veksttorv. Forutan dei flate og stort sett samanhengande myrareala, finn ein også bratte fjellparti som når opp til 700 meters høgde.

Andøya
Parti av Andøya mot Nordmela i nordvest.
Parti av Andøya mot Nordmela i nordvest.
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°6′N 15°43′E / 69.100°N 15.717°E / 69.100; 15.717
Øygruppe Vesterålen

Areal 489 km²

Høgaste punkt Kvasstinden (705 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Andenes (2603 innb.)

Heile øya ligg i Andøy kommune.

Geologi endre

 
Parti av Andøya sett mot aust: Ånes, Å, Andfjorden, Senja t.v, Bjarkøy, og Grytøy t.h.

Geologisk er Andøya også kjend for Ramsåfeltet, som er det einaste området i Noreg utanfor Svalbard kvar det finst kolforekomstar. Desse stammar frå dei geologiske periodane jura og krit. Ramsåfeltet er også rikt på fossil, og det er der mellom anna funne eit fossil etter ei 3 meter lang fiskeøgle.

Fortidsminne endre

Andøya har vore folkesett heilt frå steinalderen, og det er funne trekol som er heile 11.000 år gamalt der. Det finst ei rekkje funn etter menneskeaktivitet som med sikkerheit skriv seg seinast frå yngre steinalder.

Sjølve namnet Andøya kjem frå Omd, som var namnet som var brukt på øya i jarnalderen og i vikingtida. Omd er omtala i Snorre Sturlason sine kongesoger, både i Ynglingesoga og i soga om Olav Tryggvason. På tettstaden Åse, ca. 4 mil sør for Andenes, er det funne eit militært ringtunanlegg med restane av 14 hus frå eldre jarnalder . Truleg har dette anlegget høyrt til eit lokalt høvdingesete.

Forskingsstasjonar endre

Oksebåsen, 6 km sørvest for Andenes på nordspissen av Andøya, ligg Andøya rakettskytefelt, som mellom anna vert nytta for nordlysforsking [1]. Rakettskytefeltet vert òg nytta til undervisning [2]. På fjellet bak rakettskytefeltet ligg det eit observatorium, der atmosfæren vert studert ved hjelp av kraftig laserlys.

Kjelder endre

  1. Thorsen. T.A., Hva med dagens og morgendagens nordlysforskning? Arkivert 2008-02-08 ved Wayback Machine., uio.no, 24/11-1999.
  2. European Space Camp på Andøya Rakettskytefelt Arkivert 2007-08-12 ved Wayback Machine., Norsk Romsenter. (vitja 6/4-2008)

Bakgrunnsstoff endre