Årdal skipreide i Ryfylke
Årdal skipreide var ei av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk femna ho om:
- Årdal sokn (unnateke grenda Børkja)
- sørlegaste luten av Fister sokn (gardane ved Årdalsfjorden)
- Strand sokn nord for Hidle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet.
Årdal og Fister inngår no i Hjelmeland kommune, og Strand sokn svarar til Strand kommune.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Årdal skipreide vart nemnd Årdal tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Årdal tinglag oppløyst og erstatta av Hjelmeland tinglag og det nye Strand tinglag.[2]