Årdalen

Koordinatar: 62°4′48.940″N 5°17′38.533″E

Årdalen er ein veglaus gard i Stad kommune. Garden ligg sørvend med utsyn mot klosterøya Selja. Årdalen vart fråflytta i 1957. Det har aldri vore maskinell drift på garden, og mykje er som det var i gamal tid. I 2006 vart det skipa eit venelag, Aardalens Venner, som tek vare på bygningar og kulturlandskap. Garden er i privat eige, medan Aardalens Venner har bruksrett. I 2009 vart strekninga Hoddevik - Liset, der Årdalen ligg vald ut som eitt av 20 særskilt verdfulle norske kulturlandskap.

Årdalen

BakgrunnsstoffEndra