Stad kommune

Stad er ein kommune i Vestland fylke som blei danna 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Selje og Eid kommune.[1][2] Ved opprettinga blei det også gjort ei grensejustering slik at området Bryggja (grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad) frå Vågsøy kommune blei lagde til Stad. Dette gjorde Stad til ein samanhengjande kommune, ettersom Selje og Eid ikkje heng saman.[3]

Stad kommune
kommune
Stadt Hoddevik.jpg
Kommunelogo
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Nordfjordeid
Areal 752,78 km²
 - land 695,59 km²
 - vatn 57,19 km²
Folketal 9 543 (1. januar 2023)
Målform Nynorsk
Ordførar Gunnar Sliden (V)
Kommunenr. 4649

Stad kommune
61°54′41″ N 6°2′14″ E
NO 4649 Stad.svg
Wikimedia Commons: Stad, Norway
Nettstad: stad.kommune.no

Namnet viser til halvøya Stad.

Folk frå StadEndra

  • Bernt Tunold (1877—1946), kunstmålar, fødd på øya Selja i Nordfjord

KjelderEndra

  1. «Endringer i kommunestrukturen». Stortinget (norsk bokmål). Henta 25. september 2017. 
  2. «Forskrift om samanslåing av Eid kommune og Selje kommune til Stad kommune, Sogn og Fjordane». lovdata.no. Arkivert frå originalen 2019-04-22. Henta 21. januar 2019. 
  3. «Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje» (PDF). www.regjeringen.no. 28. november 2017. 

BakgrunnsstoffEndra