Opna hovudmenyen

Året gjennom Børfjord er ein kortfilm frå 1991 regissert av Morten Skallerud. Filminga vart gjort på 70 mm film, over fleire år og årstider. Filmen syner eit helt år i Børfjord i løpet av 12 minutt. Børfjord er eit fråflytta fiskevær i Finnmark. Filmen syner at om vinteren er det mest folketomt, medan sommarstider kjem sommargjestane til bygda. Filmkameraet vart flytta litt dag for dag, og slik vert ein teke kring heile fjorden tilsynelatande saumlaust gjennom det året som passerer. Ved hjelp av ein spesielt utvikla teknikk «køyrer» ein den 2,5 km lange vegen gjennom bygda i eitt samanhengjande bilete medan året går unna i 50 000-dobbel normal fart.

Året gjennom Børfjord
OpphavslandNoreg Edit this on Wikidata
SpråkNorsk
SjangerKortfilm
RegissørMorten Skallerud Edit this on Wikidata
ManusMorten Skallerud
MusikkJan Garbarek
SjeffotografMorten Skallerud
KlippMorten Skallerud

Filmmusikken er musikkstykket Twelve Moons, komponert til filmen av Jan Garbarek. Filmen er tradisjonelt opningsfilm på den årlege 70 mm-festivalenCinemateket i Oslo.

Filmen vann Amandaprisen for beste kortfilm i 1991, og Grand Prix på Tammerfors kortfilmfestival i 1992.

BakgrunnsstoffEndra