Årsteinen
Årsteinen (Årstein) er ei øy i Vågan kommune i Nordland. Øya ligg aust for innløpet til Raftsundet i Austre Vågan, ved sørvestspissen av Hinnøya. Årsteinen er berre skild frå Hinnøya med ein smal kanal. Øya har eit areal på 10,5 km². Det høgaste punktet på øya er Stortinden på 530 moh.
Årsteinen | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°17′12″N 15°02′12″E / 68.28667°N 15.03667°E
|
Areal | 10,5 km²
|
Høgaste punkt | Stortinden (530 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Øya har vegsamband frå Hinnøya over kanalen til staden Årstein på sørsida av øya.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.